Planinnsyn arealplanar

Kommunen sitt digitale planregister tilgjengleg på internett sjå planinnsyn

I denne nettbaserte løysinga kan ein ved å klikke i kartet få informasjon om gjeldande arealplan for området. Det tas atterhald om at manglande oppdateringar kan finnast.

 

Litt rettleiing for bruk av sida:

  • Under knappen velg kart hakast det av dei arealplantypane ein ønskjer informasjon om (f.eks. kommuneplan, reguleringsplan eller evt. planar som er under arbeid (høyringsutkast)). Pilene til venstre i listen over karttyper kan trykkes på for å vise/skjule de underordnede karttypene som er tilgjengelige og som kan skrus av/på.
  • Når det er haka av i lista for om det er reguleringsplan og/eller kommuneplan ein ønsker informasjon om, så kan ein klikke på aktuell stad i sjølve kartet og få opp informasjon om arealplan for området. I venstremenyen får ein opplista under knappen informasjon dei arealplanane som er aktuelle for området. Ved fleire treff kan piltastane benyttast for å bla fram planen ein ønsker innsyn i.
  • Ved å trykke på knappen vis meir informasjon under knappen informasjon i venstramenyen vil det kome til syne nokre faner nedst på skjermen. Under fana Plandokumenter ligg det ei liste med plandokument for det aktuelle området, til dømes føresegner og plankart, for nedlasting. Ver merksam på at dersom det er vedtatt endringar av ein plan, vil dei gjeldande (sist oppdaterte) plandokumenta liggje under ei fane Mindre endringar.
  • Eigedom kan søkjast opp på gards-, bruks- og eventuelt festenummer ved å skrive inn eigedomsnemninga slik i søkjevindauget: [gnr]/[bnr]/[fnr]. Arealplanar kan søkjast opp etter namn på planen.
Publisert av Anette Espedal. Sist endra 27.11.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Ingeniør plan- og byggesak
Tlf: 51 20 11 69
E-post