Flytting

Flytteeske. Foto. - Klikk for stort bilete Når du flyttar, er du plikta til å gje melding til skattekontoret/folkeregisteret i innflyttingskommunen innan åtte dagar frå flyttinga fann stad.

Både offentlege etatar og private verksemder brukar opplysningar frå folkeregisteret, og det er derfor viktig at du melder flytting.

 

Hugs også å melde adresseendring til posten.

Alle som leverer flyttemelding på papir må legge ved kopi av legitimasjon.  Det skal hindre falske flyttemeldingar. 

Flyttar du innanlands, kan du levere flyttemelding på internett.  Flyttar du til eller frå utlandet, må du levere flyttemelding på papir.

Melding om flytting skal du gje for deg sjølv og din familie eller husstand.

 

Utleigar

Alle som stiller husvære til disposisjon for andre, skal melde frå om dei som flyttar til eller frå husværet.  Dersom du forsikrar deg om at den som flyttar sjølv har levert flyttemelding, treng du ikkje å melde frå.

Det gjeld spesielle reglar blant anna for skuleelevar, studentar, vernepliktige og einslege pendlarar.

Flyttemeldingsskjema finn du på Skatteetaten.

 

 

 

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 08.09.2015
Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
Skjema (1)