RMP-Regionalt miljøprogram i Landbruket

Mange fine turstier i Bjerkreim - Klikk for stort bileteMange fine turstier i Bjerkreim

 

Føretak som har rett til produksjonstilskot i jordbruket

Tilskot til miljøtiltak i jordbruket i Rogaland kan bli gitt til alle føretak som har rett på produksjonstilskot. Vilkår for å få produksjonstilskot er gitt i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskot i jordbruket. Føretak som skal søkje regionalt miljøtilskot må på registreringsdato 31. juli i søknadsåret oppfylle vilkår for søknad om produksjonstilskot.

Areal og dyr som det blir gitt støtte til i både produksjonstilskot og i Regionalt miljøprogram må vere omsøkt av same føretak.

​Søknadsfrist er 20. august

Alle som søkjer tilskot må ha gjødslingsplan og sprøytejournal. Blir gjødslingsplan og sprøytejournal underkjent i samband med kontroll vil søknad om tilskot frå regionalt miljøprogram bli avslått. Dei fleste tiltaka som det kan søkjast tilskot til skal teiknast inn på miljøplankartet, og i kartportalen som er tilknytt RMP. I einskilde ordningar er det behov for skjøtsel ut over det ein kan rekne som vanleg landbruksdrift. Dette går fram av informasjonen knytt til dei einskilde ordningane

Tilskot kan bli gitt til alt areal føretaket disponerer (eigd, leigd og/eller forpakta areal) i Rogaland. Dersom eit føretak disponerer areal, eller har beitedyr i eit anna fylke, gjeld Regionalt miljøprogram for det fylket arealet ligg i.

 

Godkjende beitelag

”Nyregistrerte lag skal ha minst 5 medlemmer og 300 småfeeiningar. Minstekrav for eksisterande lag
er 3 medlemar og 150 småfeeiningar. Ordninga gjeld for heimsanka sau, geit, hest og storfe. Laget
må organisere felles beitebruk på utmark i minimum 6 veker i sommarhalvåret.

 

I tillegg er det følgjande krav:

  • Laget skal ha eigne lover og eit styre valt av medlemmene i laget.
  • Laget skal vere ope for brukarar som har tilgang til utmarksbeite i eit område der samarbeid​ kan fremje bruk av beiteområda.
  • Laget skal bruke alle tilskot til laget til å fremje den organiserte beitebruken i området​ gjennom felles tiltak.
  • Laget skal organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr ilaget sitt område, tilpassa lokale forhold. Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong kvarveke, slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sett i verk.
  • Laget skal samarbeide med tilgrensande lag når det kan effektivisere ressursbruk og​  utnytting av beita. Dette gjeld særleg sanking og ettersanking.

​Søknadsfrist 15. november

Publisert av Karsten Mydland. Sist endra 20.10.2016
Fann du det du leitte etter?
Teneste (2)