BU-midlar

I fjosen til Aleksander Tengesdal - Klikk for stort bilete  

 

Ved jordbruksoppgjeret vert det kvart år sett av midlar til bygdeutvikling; såkalla BU-midlar. Dette omfattar m.a. investeringsstøtte til tradisjonelt jordbruk (om- og nybygging av driftsbygningar), tilleggsnæringar, skogbrukstiltak, etablerarstipend og generasjonsskifte-tilskot. Du kan lesa meir på nettsida til Innovasjon Norge/Rogaland/Landbruk,  som løyver midlar etter tilråing frå kommunane; www.innovasjonnorge.no– eller ta kontakt med oss på landbrukskontoret.

 

Etableringstilskot ved generasjonsskifte
Etter dagens forskrift kan det gis tilskot til brukarar under 35 år som i samband med generasjons-skiftet treng å gjennomføra mindre investeringar for å letta det daglege arbeidet, eller for å oppretthalda tradisjonell landbruksdrift. Ordninga skal også stimulera til at kvinner overtek gardsbruk, og tek aktiv del i drifta.

Etableringstilskot kan gis med inntil 40 % (60 % for kvinnelege brukarar) av godkjent kostnads-overslag. Øvre kostnadsramme for investeringar som det kan gis tilskot til er vanlegvis kr 750.000. Fristen for å fremma søknad om tilskot er 5 år rekna frå tidspunktet for eigarskiftet. Søkjar må vera under 35 år ved søknadstidspunktet.

 

Tradisjonelt landbruk
For større investeringar over 750.000 kr kan det gjevast tilskot på inntil 30 % av godkjent kostnadsoverlag; maks. 900.000 kr pr. 2013. Det kan også søkjast om rentestøtte til dekking av ein viss %-del av renta på ordinært lån; i 2013 - 0,7 %, som vert regulert årleg. Her er ei  sjekkliste (PDF, 50 kB) for vedlegg til BU-søknaden.

 

Landbrukslån
Treng du lån til å restaurera eller byggja ny bustad eller driftsbygning? Tenkjer du på å kjøpa eit gardsbruk eller tilleggsjord? Innovasjon Norge tilbyr konkurransedyktige lån til landbruket innafor 90 % av takst.

 

Publisert av Karsten Mydland. Sist endra 07.11.2013
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Landbrukssjef
Tlf: 51 20 11 70
E-post