Eigedomsskatt

Gardsbruk på Laksesvela. Foto: Alf S. Ognedal - Klikk for stort bilete  

 

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med Lov om eigedomsskatt til kommunane, samt vedtekter godkjent av kommunestyret.

Eigedomsskatt er innført for alle eigedomar i Bjerkreim kommune frå 2010.  Skattesatsen er  7 promille for bustad- og fritidseigedomar og 7 promille for næringseigedomar og verk og bruk.

Hovudskattetaksering

Hovudskattetaksering vart utført i 2010  og gjeld i 10 år.

Ny verdisetting

Dersom ein eigedom i tida mellom to allmenne takseringar vert delt, når bygningar på eigedomen vert nedrivne eller øydelagde ved brann o.l., eller når det vert oppført nye bygningar på eigedomen, skal det vere ny verdisetting dersom det er grunn til å tru at endringa minst vil svare til eit verde på kr 50.000.

Frist for omtaksering

Fristen for å krevje omtaksering er 1. november i året før skatteåret.

Om eigedomsskatten

Eigedomsskatten, promillesats, terminar, fritak etter eigedomsskattelova § 7 og utskrivingsområde blir vedtatt i kommunestyret kvart år i samband med budsjettbehandlinga.

Kunngjering

Eigedomsskatteliste med opplysningar om alle skattelagde eigedomar vert lagt ut til offentleg ettersyn før den 1.3. og ligg ute i 6 veker.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 27.06.2017
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Økonomi- og IT-sjef
Tlf: 51 20 11 04
E-post  
Eksterne lenker (1)