Vedtekter Røysekatten Barnehage

 

Vedtekter Røysekatten barnehage

Forvaltning.

Bjerkreim kommune eig og driv Røysekatten barnehage. Ansvar og mynde vert ivareteken av kommunen.

Tilknyting.

Barnehagen vert dreven i samsvar med Barnehageloven, forskrifter og retningslinjer frå departementet, kommunale vedtekter og årsplan for barnehagen.

Foreldreråd.

Barnehagen skal ha eit foreldreråd. Samansetting og oppgåver vil framgå av lover og forskrifter.

Samarbeidsutval.

Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval beståande eit likt antall representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen. Samansetjing og oppgåver vil framgå av lover og forskrifter.

Styrar for barnehagen er sekretær for samarbeidsutvalet.

Ho/han førebur sakene, setter opp saksliste og kallar inn til møte i samråd med leiar av utvalet.

Foreldrebetaling.

Foreldrebetaling skal følge maksimalgrensen for barnehageplass. Maksimalprisen blir fastsett i Stortinget ved budsjettvedtak kvart år.

Opptak/oppseiing av plass.

Røysekatten barnehage tek imot barn i alderen 0- 5 år.

Barnehagen har 125 plassar pr. dag. Barn over 3 år tel en plass, og barn under 3 år tek to plasser. Søknad om plass skjer på fastsett søknadsskjema etter kunngjering i lokalpressa.

Barnehagen følgjer opptaksreglane i kommunen. Det er nedsett eigen administrativ opptaksnemnd for barnehageopptaket. Klagane behandlast av kommunens klageorgan, f.t. formannskapet.

Dersom eit barn er tildelt plass under hovudopptaket, er det ikkje høve til å redusera dette i perioden frå 15. mai til 31. august.

Dersom ein barnehageplass vert oppsagt i løpet av eit barnehageår, må ein betala for plassen ut månaden samt for neste månad etter plassen vert oppsagt.

Dersom eit barn sluttar i barnehagen etter 1. april må ein betala for plassen ut barnehageåret (dvs. til og med juni månad).

Driftsform og opningstid.

Barnehagen vert driven med 6 avdelinger.

Dagleg opningstid er normalt frå kl. 06.30 - 16.30.

Alle barn i barnehagen skal ha 4 veker ferie i løpet av eit år. Vekene bereknast utanom ordinære fridagar i samband med jul og påske.

Minst tre av desse vekene skal vera i samanheng og takast ut mellom 1. juni og 15. august.

Kravet om samanheng og tidsperiode kan fråvikast for funksjonshemma barn.

Barnehageåret følgjer skuleruta i Bjerkreim.

Leike- og opphaldsareal.

Netto leike- og opphaldsareal er 4 kvm pr. barn over 3 år, og 5,3 kvm for barn under tre år.

Intern kontroll.

Barnehagen nyttar Bjerkreim kommunes internkontrollsystem, med dei naudsynte tilpassingar som krevst for barnehagen. Internkontrollsystemet er gjengitt i eige skriv.

Endring av vedtektene.

Endring av vedtektene kan berre eigar gjera. Levekårsutvalet vert gitt fullmakt til å fatta vedtak om endringar i vedtektene som ikkje har økonomiske konsekvensar ut over programområdet.

Vedtektene er godkjende i Levekårutvalet 06.12.04 under sak 26/04.

Endra i kommunestyremøte 25.04.12 under sak 009/12

Publisert av Valbjørg Søiland Håland. Sist endra 05.10.2017
Fann du det du leitte etter?