Står du i manntalet?

For å kunna røysta ved valet må du ha røysterett og stå innført i manntalet. 

Du kan sjekka om du står i manntalet for Bjerkreim kommune i serviceavdelinga på kommunehuset og på Coop avdeling Bjerkreim. Mantallet ligg ute til offentleg ettersyn fram til valdagen 11. september.

Hvis du har flytta til kommunen og folkeregisteret har mottatt flyttemeldinga di innan 30. juni 2017, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Blei melding om flytting mottatt etter denne datoen, står du framleis i manntallet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta der på valdagen eller avgje førehandsrøyst.

Dersom du ikkje står oppført i manntalet, eller det er andre feil i det, må krav om innføring/korrigering sendast skriftleg og snarast muleg til: Valstyret i Bjerkreim, postboks 17, 4389 Vikeså, jf. valloven § 2-7.

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 11.07.2017
Fann du det du leitte etter?