Røysting på valdagen

På valdagen må du røysta i kommunen du er registrert busett i pr. 30. juni 2017. Du kan røysta i kva vallokale som helst i kommunen.

 

I Bjerkreim kommune er det fastsett følgjande opningstider på valdagen:

Bjerkreim krins, på Bjerkreim bedehus frå kl. 10.00 til kl. 20.00
Vikeså krins
, på Bjerkreim kommunehus frå kl. 10.00 til kl. 21.00

(Tidlegare Ørsdalen krins høyrer nå til Vikeså krins)

Hugs legitimasjon når du røystar!
Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakaren, skal legitimere seg. Legitimasjon kan vera pass, førarkort eller bankkort med bilete, men du kan også bruke annan legitimasjon. Legitimasjonen må innehalde namnet på veljaren, fødselsdato og bilete.

Dersom du oppheld deg på ein institusjon, som til dømes sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfesta identiteten din.

Alle veljarar får tilsendt valkort
På framsida av valkortet finn du informasjon om kva for vallokale du er registrert ved og opningstida på valdagen. Du treng ikkje valkort for å røysta, men det sparar deg for tid. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 02.05.2017
Fann du det du leitte etter?