Førehandsrøysting

Førehandsrøysta kan du gjera frå 1. juli til og med 8. september i kva kommune som helst.

I Bjerkreim kommune kan du tidlegrøysta eller førehandsrøysta i serviceavdelinga på kommunehuset, i kontortida (kl. 08.00 - 15.00). Det kan også avtalast tid til førehandsrøysting utanom kontortida. Kontakt ev. serviceavdelinga på tlf. 51 20 11 00/99.

Dersom du pga. sjukdom eller uførleik, ikkje kan koma deg til eit røystelokale, kan du søkja om å få røysta heime. Fristen for å søkja om dette er tysdag 5. september 2017, kl. 15.00. Send ein enkel søknad til: Bjerkreim valstyre, postboks 17, 4389 Vikeså.

Ørsdalen krins er nå nedlagt, men det blir høve til å førehandsrøysta på Ørsdalen grendehus onsdag 6. september kl. 13.00 - 15.00. Alle med adresse Ørsdalen vil få melding om dette tilbodet.

Det vil også bli høve til førehandsrøysting ved Bjerkreim omsorgssenter eit par timar i veka før valdagen. Nærare info kjem.

Hugs legitimasjon når du røystar!
Vallova krev at ein veljar som er ukjend for røystemottakaren, skal legitimere seg. Legitimasjon kan vera pass, førarkort eller bankkort med bilete, men du kan også bruke annan legitimasjon. Legitimasjonen må innehalde namnet på veljaren, fødselsdato og bilete.

Dersom du oppheld deg på ein institusjon, som til dømes sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfesta identiteten din.

Alle veljarar får tilsendt valkort
På framsida av valkortet finn du informasjon om kva for vallokale du er registrert ved og opningstida på valdagen. Du treng ikkje valkort for å røysta, men det sparar deg for tid. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 02.05.2017
Fann du det du leitte etter?