Spørjetime i kommunestyremøta

Retningsliner for offentleg spørjetime i kommunestyremøta

  1. Kommunestyret innfører spørjetime før kvart kommunestyremøte. Spørjetida vert avsett med inntil 30 minutt.
  2. Om det ikkje føreligg spørsmål ved starten av spørjetida, eller spørjetida ikkje vert nytta fullt ut, vert kommunestyret sett straks. Spørsmål bør normalt vera innlevert ordføraren før arbeidstidslutt dagen før møtet. Ordføraren vil likevel svara på spørsmål som vert teke direkte i kommunestyret.
  3. Alle personar busett i kommunen, f.o.m. det året dei fyller 15 år, kan stilla spørsmål til kommunestyret. Kommunestyret sine eigne medlemer kan ikkje delta i spørjinga. Ordføraren svarar på spørsmål som blir stillt til kommunestyret.
  4. Alle spørsmål må gjelda kommunale forhold, og skal vera av ålmenn interesse for kommunen sine innbyggjarar. Det vil ikkje verta tolerert krenkjande uttale mot personar eller grupper.
  5. Eit spørsmål skal vera kort. Normalt skal det ikkje ta meir enn 3 minutt med utfyllande utgreiing. Spørsmålet skal også svarast på med inntil 3 minutt. Det skal likevel verta gitt høve til korte tilleggsspørsmål med tilhøyrande svar.
  6. Spørsmål som administrasjonen bør svara på skal verta avvist. Spørsmål som det etter ordføraren si vurdering ikkje er forsvarleg å gje umiddelbart svar på, skal utsetjast til neste møte.
  7. Tvist på grunn av tvil om forståing av desse retningslinene skal avgjerast av ordføraren. Kommunestyret kan likevel i tilfelle usemje med ordføraren si avgjerd, ta opp det omtvista forholdet på neste møte.

Vedtatt av kommunestyret 23.04.1997.

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 18.10.2013
Fann du det du leitte etter?