Kontrollutvalet

Medlemmer i kontrollutvalet 2015-19

 

Namn Parti  Mob.tlf. E-post
Magne Vaule - leiar Ap 906 72 146  mava@dabb.no
Aslaug Marie Undheim - nestleiar V 918 66 550 aslaug.undheim@skole.rogfk.no
Brit Tengesdal Frp 918 18 270 br-ten@online.no
Tyra Skårland H 416 00 936 tyra@johnse.no
Geir Ove Tysland Sp 918 69 157 tysland@live.no

 

   
Varamedlemmer - partivise Parti Mob.tlf. E-post
Jostein Merkesdal Ap 928 80 068 t-vaule@online.no
Ernst Herredsvela V 450 34 830 ernsthsv@hotmail.no
Astrid Braut Eikeland Frp 916 42 368 astrid.eikeland@covent.no
Øyvind Søyland H 464 48 908 osoyland@gmail.com 
Andreas Osland Sp 415 09 411 aosland@hesbynett.no

 

Informasjon om kontrollutvalet

 

Kva er eit kontrollutval?

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt reiskap for demokratisk innsyn og kontroll med alle sider ved kommune si verksemd. Kontrollutvalet sitt mål er derfor å sjå til at kommunen følgjer regelverket, og at verksemda er målretta, effektiv og etisk til beste for kommunen sine innbyggjarar. Det gjeld både ovafor kommune-administrasjonen og heile det politiske miljøet så nær som kommunestyret sjølv.

Kontrollutvalet har som oftast sine møter på møterom 2 på kommunehuset. Møta er opne.

Utvalet sitt arbeid vert regulert av Kommuneloven § 77 og Forskrift om kontrollutvalg. Kommunestyret behandlar kontrollutvalet sine rapportar og tek stilling til oppfølging.

 

Kven er medlemmer i kontrollutvalet?

Kommunestyret står fritt til å utpeika medlemmer til kontrollutvalet. Forskriftene stiller likevel krav om at kontrollutvalet skal ha minst tre medlemmer, og at minst eitt av desse skal vera medlem av kommunestyret. Medlemmer i kontrollutvalet kan elles ikkje ha andre kommunale verv eller vera tilsett i kommunen. Bjerkreim kommune har 5 medlemmer i kontrollutvalet (sjå medlemsoversikt ovanfor).

 

Kven er det som skal førebu sakene for kontrollutvalet?

Kontrollutvalet skal ha ein sjølvstendig administrasjon som verken er underlagt kommunen sjølv eller kommunen sin revisor.

Rogaland kontrollutvalgssekretariat IS ivaretek denne funksjonen for Bjerkreim kommune. Sekretariatet skal sjå til at sakene som vert behandla av kontrollutvalet er forsvarleg utgreidde og at utvalet sitt vedtak vert sett i verk. Sekretariatet er til stades på alle møta.

 

Kan eg som innbyggjar klaga på kommunale vedtak til kontrollutvalet?

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og har derfor ikkje høve til å behandla klager på enkeltsaker. Kommunane har eigne klageorgan som behandlar slike saker, i mange kommunar er det formannskapet. Mange klagesaker vert òg vidaresendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Alle kan likevel ta kontakt med kontrollutvalet. Dersom det kjem inn saker vurderer kontrollutvalet frå sak til sak etter ei samla vurdering om saka kjem inn under utvalet sitt ansvarsområde. Kontrollutvalet er bare pålagt å behandla saker frå kommunestyret eller frå revisor.

 

Dersom du ønskjer det kan du ta kontakt med medlemmene i kontrollutvalet (sjå kontaktinfo ovanfor) eller med sekretariatet (tlf. 51 33 65 90).

Innkallingar og protokollar m.m. kjem du til via lenka Kontrollutvalet sine møta øvst til høgre på denne sida.

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 08.12.2016
Fann du det du leitte etter?