Ordføraren si side

Her vert "ordføraren sitt hjørne" frå side 2 i siste nummer av Bjerkreimsnytt lagt ut.

Sjå heile Bjerkreimsnytt  her.

 Frå mainummeret:

 Ordførar Torbjørn Ognedal (Bjerkreim kommune) - Klikk for stort bilete Gode bjerkreimbuar

Så blei det ingen tidlig vår i år, frostnettene varte altfor lenge. Det er nok størst problem for sauebøndene, det blir mykje innefôring. Men dyra kjem heilt sikkert ut på beite i år også.

I kommunen er det store saker som blir behandla for tida, dei største er nok nytt omsorgssenter og ny E39. Når det gjeld omsorgssenteret har det kome gode og vel gjennomtenkte innspel til plassering, og så blir det opp til kommunestyret å gjera endelig vedtak. Det er ikkje ei enkelt sak, det skal tas hensyn til seinare utbygging, storleik på bygg, kva tilbod skal vi dekka, osv. Det kan også vera aktuelt å leggja til rette for andre typar bustadar i same området.

Når vi så kjem til E39 har nok engasjementet vore berre ennå større. Kva er beste løysing for Bjerkreim, skal politikarar i Bjerkreim tenkja berre innanfor Bjerkreim sine grenser eller skal vi sjå litt lenger? Det er inga enkel sak, mange argument kan brukas på tvers av alternativa. Vi får fort ein diskusjon om å ta dyrka jord i Bjerkreim , kontra utanfor kommunen. Skal ein sjå på totale kostnader for heile strekket og kven som skal betala, eller...?

Det er også andre saker som engasjerer for tida, utbygging eller vern av Fossbrekka, for eksempel. Det er flott at innbyggarane engasjerer seg. Som før sagt er alle velkomne innom kontoret, eg liker å få diskutera saker med dykk, både store og små, ikkje berre gjennom Facebook.

Før påske hadde vi «kommunestyre» for 8.klasse, eg blei imponert over mange gode innlegg og diskusjonar. Dette tyder godt for komande kommunestyrer.

Håper eg neste gong kan skriva at vi har hatt ein fin vår, sjølv om den kom seint, og at vi kanskje har følt eit snev av sommar…

 

Signatur Torbjørn - Klikk for stort bilete Kontaktinfo for ordføraren

Sist endra 28.04.2017
Fann du det du leitte etter?