Bjerkreim kommune

Står du i manntalet?

Står du i manntalet?

For å kunna stemma ved valet må du ha stemmerett og stå innført i manntalet. 

 

Du kan sjekka om du står i manntalet for Bjerkreim kommune i serviceavdelinga på kommunehuset og på Coop avdeling Bjerkreim. Manntalet vil bli lagt ut til offentleg ettersyn frå veke 28 (rundt 10. juli), til og med valdagen 9. september.

Hvis du har flytta til Bjerkreim kommune og folkeregisteret har mottatt flyttemeldinga di innan 30. juni 2019, skal du stå i manntalet i Bjerkreim kommune. Blei melding om flytting mottatt etter denne datoen, står du framleis i manntallet i den kommunen du flytta frå. Då kan du ikkje stemma i Bjerkreim kommune på valdagen, men velja om du vil stemma i kommunen du flytte frå på valdagen, eller avgje førehandsstemme.

Dersom du ikkje står oppført i manntalet, eller det er andre feil i det, må krav om innføring/korrigering sendast skriftleg og snarast muleg til: Valstyret i Bjerkreim, postboks 17, 4384 Vikeså, eller til postmottak@bjerkreim.kommune.no, jf. valloven § 2-7.

Torunn Gjedrem
Arkivansvarlig
E-post
Telefon 51 20 11 62
Brit Fuglestad
Saksbehandler
E-post
Telefon 51 20 11 63