Bjerkreim kommune

Stemming på valdagen

Stemming på valdagen

På valdagen må du stemma i kommunen du er registrert busett i pr. 30. juni 2019. 

 

I Bjerkreim kommune er det fastsett følgjande opningstider på valdagen:

Bjerkreim krins, på Bjerkreim bedehus frå kl. 10.00 til kl. 20.00
Vikeså krins
, på Bjerkreim kommunehus frå kl. 10.00 til kl. 21.00

Du kan velja om du vil stemma på Bjerkreim eller på Vikeså.

Hugs legitimasjon når du skal stemma!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakaren, skal legitimere seg. Legitimasjon kan vera pass, førarkort eller bankkort med bilete, men du kan også bruke annan legitimasjon. Legitimasjonen må innehalde namnet på veljaren, fødselsdato og bilete.

Ta med tilsendt valkort!

På framsida av valkortet finn du informasjon om kva for vallokale du er registrert ved og opningstida på valdagen. Du treng ikkje valkort for å stemma, men det sparar deg for tid. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Torunn Gjedrem
Arkivansvarlig
E-post
Telefon 51 20 11 62
Brit Fuglestad
Saksbehandler
E-post
Telefon 51 20 11 63
Sekretær Bjerkreim skule Tlf. 51 45 93 80