Soga om Bjerkreim

 

 

Frå - Klikk for stort bilete Busetnad

Det har vore busetnad i Bjerkreim så langt tilbake som 5 – 6000 år.  Funn frå steinalderen dokumenterer så tidleg busetnad. Uadalsområdet på Storrsheia, 2-3 km nord for Vikeså Sentrum ved E-39, er døme på gamal gardsdrift og busetnad.  Her har budd folk frå år 350 og fram til Svartedauden i 1349.  Området er svært serprega og i fylkessamanheng det mest intakte anlegget som er.  I same beltet ligg òg Auglænd med tydelege merke etter langhus som var reiste her.

Desse anlegga viser at folk var bønder som dyrka korn og levde av jakt, fiske og enkelt jordbruk.  På 1800 talet var bygda busett på bruk som blei fråflytta og nedlagt på slutten av 1800 talet og første del av 1900 talet.  Berre langs Ørsdalsvatnet var det busett folk på fleire bruk, likeeins i austre del av kommunen t.d. på gardane Brattebø og Kvitlen.  Alle desse bruka er nå fråflytta.

 

Næring

Næringsvegen i Bjerkreim har alltid vore prega av jordbrukarar, og serskilt har sauehald vore ei sentral næring.  Dei store fesjåa for sau var storhendingar på nivå med 17.mai-feiringa.  På 1970 talet stilna sjåa av og vart avløyst av Bjerkreimsmarken som er blitt ein årleg folkefest med eit breitt engasjement.  Bygda har endra seg mykje, særleg dei siste 40-50 åra.  Sentra Vikeså og Bjerkreim har utvikla seg til små ”bygdebyar” med eigne bustadområde.  Folketalet har auka frå vel 1800 innbyggjarar til i dag nær 2 800.  I denne perioden har skular, barnehagar, sjukeheim og kommunehus blitt reist, og bygda har fått eit heilt anna tenestetilbod enn før.  Det har i tillegg til dei arbeidsplassane som blei skapt av offentleg sektor òg blitt skapt mange nye arbeidsplassar innan industri og service.  Jordbruket har og hatt ei svært positiv utvikling og framstår i dag som ei moderne næring på høgde med andre distrikt i Rogaland.  Bjerkreim er ikkje lenger ei bygd med einsidig næringsliv knytt til jordbruket, sjølv om denne næringa framleis betyr mykje for mange.

 

 

Krig

I krigsåra 1940 – 45 var Bjerkreim arena for fleire krigshendingar.  Slaget i Gloppedalsura i aprildagane i 1940 står som symbol på den norske motstandkrafta, fleire tyskarar miste livet i desse kampane.  Fleire Bjerkreimbuar engasjerte seg i motstandsarbeid, og hausten 1944 gjekk tyskararane til åtak på Gjedrem der fleire norske flyktningar var i skjul.  Seinare er denne hendinga blitt kalla Slaget på Gjedrem.  Om lag 100 Bjerkreimbuar vart sett i tysk krigsfangenskap, men alle kom heim att.  Hadde krigen vart nokre dagar lenger, var det nok mange som aldri hadde sett bygda att.

 

 

Ivesdal kapell - Klikk for stort bilete

Kyrkje/Religion

I Bjerkreim er det tre kyrkjer/kapell.  Bjerkreimskyrkja blei reist i 1835 og er ei Linstovkyrkje.

Seinare blei det reist kapell på Ivesdal og i 1978 kombinert skule og kapell i Ørsdalen.  Likevel blei ikkje Bjerkreim eige prestegjeld før i 1988.  I mange år var Bjerkreim og Helleland felles prestegjeld og soknepresten var busett på Helleland.

I bygda har det vore sterke religiøse og kristne tradisjonar.  ”Far ” til Dei sterktruande; Knud Spødervold, var fødd i bygda og budde her til han var 45 år gamal.  Salmediktaren Trygve Bjerkrheim var og fødd i bygda, men familien flytte til Austlandet då han var 9 år.  Fleire misjonærar har òg denne bygda som heimstad.

 

Politikk

Bjerkreim har som politisk/organisatorisk eining vore om lag uendra sidan formannskapslovene vart innført i 1837.  I 1960 åra var det ei grenseregulering og Maudal blei overført frå Bjerkreim til Gjesdal. 

Bygda har hatt eit levande folkestyre og ordførarar som har markert kommunen og bygda godt.  Tollef Gjedrem vart valt direkte inn på Stortinget og sat på tinget i perioden 1906 – 1921.  Me veit òg at Johannes Erikson Malmei blei valt inn i 1818 og sat ut perioden til 1820.

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedem. Sist endra 26.11.2013
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (1)
Eksterne lenker (1)