Geografi

Bjerkreim kommune ligg mellom det flate Jæren i sør og Setesdal – vesthei og Ryfylkeheiane i nord.  I sør er heiane låge og jorda godt eigna til landbruksdrift.  Reiser ein nordover møter ein fjell og dalar, og lengst i nord strekker toppane seg over 900 meter.  Dei høgaste toppane er Vinjakula på 907 meter og Skykula på 906 meter.

Bjerkreim ligg såleis vel plassert i ein region som ber namnet sitt med rette - Dalane.

 

I dei sørlege og lågare liggande delane av kommunen finn ein store areal som vert dyrka, og kulturlandskapet set sitt vakre preg.  Mot nord finn ein urørte heier med mange idylliske stader for dei som likar seg i heia både sommar, haust, vinter og vår.

 

Ørsdalen - Klikk for stort bilete

 

Dalføra ligg i nordaustleg retning.  Dei største dalføra er Ørsdalen (biletet) og Austrumdalen.  Desse dalane er prega av store vatn og steile høge fjell – vestlandsfjordane i miniatyr? 

Det største vatnet er det 18 km lange Ørsdalsvatnet.  Dette vatnet og naturen omkring kan du oppleva ved å ta båten Ørsdølen ein søndag om sommaren. 

 

I nordvest finn ein Gloppedalsura – ei av dei største steinurene i Nordeuropa.

 

Ein sentral del av landskapet i Bjerkreim er Bjerkreimsvassdraget.  Dei fleste av dei vatna, bekkar og elvar som finns i kommunen høyrer til dette vassdraget, som endar si ferd mot havet ved Egersund.  Dei siste åra har laksefisket teke seg opp, og elva er blant dei beste fiskeelvane i Noreg.

 

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedem. Sist endra 12.10.2015
Fann du det du leitte etter?