Serviceavdelinga

Serviceavdelinga - Klikk for stort bilete

Kva kan vi gjera for deg?
Vi er dei første du møter når du skal besøka kommunehuset, og du kan spørja oss om “alt”!

Er det noko vi ikkje kan hjelpa deg med, så skal vi formidla kontakt med den rette sakshandsamaren. Er han/ho ikkje til stades, kan vi setja opp ein avtale.
 

Våre opningstider er: Mandag - fredag kl. 08.00 – 15.00.
Passer desse tidene ikkje for deg, kan vi gjera ein avtale utanom opningstida.
 

Stillingar

Vi er 5,2 stillingar fordelt på 8 personar (inkl. reinhald på kommunehuset).
 

Leiar

Serviceleiar: Tora-Britt Svela
E-post: tora-britt.svela@bjerkreim.kommune.no
Telefon: 51 20 11 60
 

Vi tek imot både ros og ris!
Er det noko du er godt nøgd med - eller særs misnøgd med - la oss få vita det!

Send gjerne e-post: postmottak@bjerkreim.kommune.no

 

Desse sakene kan du ordna direkte hjå oss:

  • bestilla skattekort og andre tenester frå likningskontor og folkeregister
  • søknad om sjukdomsavløysingar i landbruket
  • søknad om skjenkeløyve for einskild høve eller ambulerande løyve
  • direkte innbetalingar til kommunekassa
  • kartkopiering frå Geodata/vanleg kopiering
  • utleige av kommunehuset og andre kommunale bygg (utanom skular)
  • ekstra renovasjonssekker
  • notisar til Kulturkalenderen i Bjerkreimsnytt og til Kva skjer? på nettsidene
  • søknad om bustønad
  • søknad om startlån
  • parkeringbevis og ledsagerbevis for funksjonshemma
  • kontakt med kommunale vaktmeistrar
  • orientering om når saka di kjem opp til politisk handsaming og kven som er sakshandsamar
  • få innsyn i kommunale sakspapir og høyringsdokumentar
     

Hjå oss kan du kjøpa:
Bygdebøker og andre lokale bøker, CD med felemusikk frå Bjerkreim, turkart, o.a.

Du kan levera alle typar saker til oss for handsaming. Dersom vi ikkje kan ferdighandsama saka di hjå oss, så sørgjer vi for at ho vert send rett sakshandsamar.
 

Vi har òg dei mest vanlege skjema du treng når du skal senda ein søknad - og vi hjelper deg gjerne med utfylling dersom du ønskjer det. Her kan du m.a. få:

Mange søknadsskjema finn du på nettsidene våre, sjekk under ”skjema” i toppmenyen.

Vi har òg publikums-PC i serviceavdelinga, der du kan nytta internett om du vil senda søknader eller ordna andre ting. PC'en er også tilknytt skrivar.

Ta kontakt i ekspedisjonen!
 

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 24.01.2017
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Tlf: 51 20 11 00
E-post