Rådmannen

Ørjan Daltveit starta som ny rådmann 1. januar 2015.

Rådmannen sine oppgåver og ansvar:
Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar og han står ansvarleg overfor kommunestyret.

Etter kommuneloven § 23 skal rådmannen:

  • sjå til at saker som vert lagd fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreia
  • syta for at vedtak vert iverksett
  • sytafor at administrasjonen vert driven i tråd med lovar, forskrifter og overordna instruksar og at det vert ført kontroll med dette

Rådmannen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle folkevalde organ bortsett frå kontrollutvalet. Normalt møter rådmannen sjølv kun i kommunestyret, formannskapet, administrasjonsutvalet og arbeidsmiljøutvalet, mens respektive kommunalsjefar eller andre møter på vegne av rådmannen i levekårsutvalet og LMT-utvalet og andre utval/komitear.
 

Organisering:
Rådmannen organiserer sin administrasjon med følgjande avdelingar og stab-/støttefunksjonar:

  • Avdeling for levekår (helse, omsorg, sosial og barnevern)
  • Avdeling for landbruk, miljø og teknikk (LMT)
  • Avdeling for oppvekst og kultur
  • Økonomiavdeling
  • Personalavdeling
  • Serviceavdeling
Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 09.03.2017
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Rådmann
Tlf: 51 20 11 25
E-post