Fakta om Bjerkreim

Bjerkreim er ein, i folketal  liten, men sentralt plassert innlandskommune i sør-austre delen av Rogaland.

Rogalandskart med Bjerkreim markert - Klikk for stort bilete

 

Kommunen ligg ca. 50 km sør for Stavanger, og E-39 går gjennom kommunen. Det er ca. 40 min. til Stavanger Lufthavn Sola.

Viktigaste næringsvegar er landbruk og industri.
Bjerkreim har ein rik og variert natur - og ei av dei beste lakseelvane i landet.

 

Innbyggjartal:  2825 pr. 31.12.2015

Flatevidd:  651 km2

Kommunesenter:  Vikeså

 

 

KommunevåpenetBjerkreim kommune sitt kommunevåpen, ein bjørkekvist i sølv på grøn botn - Klikk for stort bilete

 

Kommunevåpenet er ein bjørkekvist i sølv på grøn botn. Dette er vald fordi kommunenamnet Bjerkreim har opphav i "Bjerkr-heim" - bjørka si heim. Kommunevåpenet vart vald i mars 1985 og godkjent same året.

 

Pin med kommunevåpenet kan kjøpast for kr. 50,- i serviceavdelinga på kommunehuset eller ved henvending til postmottak@bjerkreim.kommune.no.

 

Målform

Kommunestyret i Bjerkreim har bestemt at Bjerkreim kommune skal ha nøytral målform for administrasjonen. Du vil derfor finna artiklar på begge målformer på nettsidene våre.

I skulane er hovudmålet nynorsk.
 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 22.02.2016
Fann du det du leitte etter?