Tilbod om skulefritidsordning blir gitt etter søknad for elever ved 1. -4. trinn, samt for elever med særskilte behov ved 5.-7. trinn.
De kan sjølv setja saman det tilbodet de ynskjer for eleven dykkar i SFO.
Plassen i SFO gjeld for eit skuleår, frå skulestart i august til skulestart i august neste skuleår. SFO følgjer skuleruta. Det må søkes om ny plass for kvart skuleår.
Søknadsfrist for oppstart i august er 1.mars.
Opningstid:
SFO har opningstid frå kl. 07.00 - kl. 16.30
Prisar i SFO
Pris på tilboda er pr. mnd. i 10 mnd. Feriepakke kjem i tillegg. Dersom ein plass blir oppsagt i løpet av skuleåret, må det betalast for plassen ut oppseiingsmånden, samt påfølgjande månad.
Kjøp av enkelt dag
Brukarar av SFO har mulighet for kjøp av ekstra dagar. Det er eit eige søknadsskjema for dette.