Nydyrking

Hovudregelen er at nydyrking kan bare skje etter plan godkjent av kommunen.

Planen skal utarbeides av den som vil sette tiltaket i verk. All nydyrking er i dag søknadspliktig etter forskrift om nydyrking.

Kva er nydyrking?

Fulldyrking

Rydding og bryting til vanleg pløyedjup slik at plantedekket skal kunna fornyast ved pløying.

Overflatedyrking

Rydding og sletting av overflata slik at maskinell hausting er mogleg.

Forskriftene legg stor vekt på ivaretaking av miljøverdiar og absolutte krav er m.a. 

  • Minste avstand til vassdrag med årssikker vassføring er 6 meter. 
  • Minste avstand til vassdrag utan årssikker vassføring er 2 meter. 
  • Nydyrking av myr er frå 2. juni 2020 som hovudregel ikkje tillate.  (Regelverk for dispensasjon i §5a)
  • Konsekvensutgreiing skal vurderast på store areal (over 50 da.)
  • Alle saker skal vurderast etter prinsippa i §§ 8 til 12 i  naturmangfaldslova.

Søknaden

Søknaden må ha eit kartvedlegg som viser avgrensinga av nydyrkingsfeltet.  Kartet kan du enkelt laga sjølv ved hjelp av NIBIO sitt gardskart På dette kartet er det mogleg å lage figurar, teikne inn grøfter og måle areal og lengder.  Kartskissa kan etterpå lagrast på ei pdf-fil som kan lastast opp til søknaden. 
Det skal også lagast grøfteplan som vedlegg til søknaden dersom arealet treng drenering.
    

Høyring

Før handsaming av søknaden skal kommunen senda saka på høyring til Rogaland Fylkeskommune som vurderer om det aktuelle området kan innehalda automatisk freda kulturminne.  Eventuelle undersøkjingar vert for mindre tiltak dekka av staten: (inntil 15 dekar over 5 år.)

Dersom det er registrert viktige naturverdiar på området skal også Fylkesmannen si miljøvernavdeling høyrast.  
Frist for svar i slike høyringar skal setjast til minst 1 månad.  Men oftast får vi svaret tidlegare.

Meir om nydyrking og regelverket ikring er å finna hjå Landbruksdirektoratet. 

Ivar Tore Hetland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 92 48 13 21
Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19