Målet med tilskotsordninga er å auke produksjonsevna til jorda og redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.
Ingen nedre grense
Det er ikkje lenger noko nedre grense verken for areal eller grøftelengde. Sjølv små prosjekt som dette vil det kunna søkjast tilskot til.
Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidligare er grøfta, kan søkje om tilskot til drenering. Det kan også bli gjeve tilskot til eigar av jordbruksareal som blir leigt ut. For planerte areal kan det i tillegg bli gjeve tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.
Korleis søkje?
Søknader skal frå og med 2019 sendast inn elektronisk.
Søk tilskudd til drenering
Dei fleste vil kunne fylle ut søknadsskjemaet sjølv ved hjelp av gode forklaringar i sjølve søknadssystemet.
NB! Dersom du likevel skulle ynskje hjelp til å søkje her på landbrukskontoret, så må du ta med deg Bank- ID brikka eller tilsvarande slik at vi får logga deg inn på Altinn.
Det fins mykje god faginformasjon om grøfting og grøftearbeid som kan vera lurt å setja seg inn i før planen vert laga. Noko av det beste i så måte finn du i eit hefte (PDF, 3 MB) som er laga av Bondevennen i samarbeid med m.a. statsforvaltaren og Norsk landbruksrådgiving.
Du må laste opp kart med grøfteskisse (obligatorisk). Her viser vi eit døme på korleis eit slikt grøftekart kan sjå ut. Her er både systematisk grøfting og enkeltgrøfter.
For å lage ei grøfteskisse er det fint med eit kartgrunnlag. På NIBIO sitt gardskart er det mogleg å lage figurar, teikne inn grøfter og måle areal og lengder. Kartskissa kan etterpå lagrast på ei pdf-fil som kan lastast opp til søknaden.
I tillegg kan det vere aktuelt at du blant anna lastar opp følgjande vedlegg (ikkje obligatoriske):
- avtale med eigar om å gjennomføre tiltaket dersom grøftefeltet er på leigejord.
- dokumentasjon av tidlegere drenering eller planering
- meir detaljert kostnadsoverslag
Tilskotssatsar
- Ved systematisk grøfting, profilering og omgraving: 4000 kr per dekar.
- Ved anna usystematisk grøfting: 61 kr per løpemeter grøft avgrensa opp til 4000 kr/da
- Det er ikkje lenger noko minstegrense for kva som kan søkjast om og betalast ut.
Utbetaling
Når arbeidet er ferdig skal det leverast inn oppmoding om utbetaling på eit fastsett skjema. Skjemaet kan fyllast ut og leverast inn anten
Det skal også leverast inn eit kart eller gode bilete som viser korleis grøftearbeidet er utført. Meir i detalj om arbeidsfrist og kva som trengs for å få utbetalt tilskot finn du og i løyvingsbrevet som fins i innboksen eller arkivet ditt på Altinn.
Meir informasjon om ordninga kan du finna hjå Landbruksdirektoratet.