Bygging av landbruksveg

Hovedregelen er at bygging av landbruksveg bare kan skje etter plan godkjent av kommunen. Planen skal utarbeides av den som vil sette tiltaket i verk.

Søknadsplikt er nedfelt i forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier

Forskriftene innfører søknadsplikt for:

  • Landbruksvegar etter vegnormalen fastsett av Landbruks- og matdepartementet.
  • Enklare landbruksvegar som er nødvendige for landbruksverksemd.
  • Ombygging og opprusting  som innebær endring av vegklasse.
  • Massetak som er nødvendige for å byggja vegen.

 

Bygging av landbruksveg - Klikk for stort bilde

Dei fleste vegar i landbruket i Bjerkreim vert bygd etter vegnormalen i klasse 7 og/eller 8.  Det er lurt å lesa gjennom vegnormalen side 45 - 46 (tekniske krav) og side 47 - 49 (byggebeskrivelse)  før du søkjer.

Søknaden skal  vedleggjast eit kart som viser vegen og massetak m.m. som er nødvendig for å byggja vegen.  Dersom vegen kryssar bekk eller elv med årssikker vassføring må det også søkjast om løyve til fysiske inngrep i vassdrag.

For ein vegsøknad skal kunna handsamast etter landbruksvegforskrifta, må hovudvekten av interessene i vegen vera landbruksinteresser. Om hovudvekten av interessene er til dømes åtkome til hytter, eller anna utanom landbruksdrift, må søknaden handsamast etter plan- og bygningslova.

Landbruksvegar med hovudvekt av skogbruksinteresser vert handsama av skogbrukssjefen.

 

 

Tiltak som ikkje er søknadspliktige:

  • Normalt vegvedlikehald
  • Punktutbetring på eksisterande veg
  • Bygging av enkel avkjørslel frå landbruksveg
  • Mindre opprusting av landbruksveg (søk om du er i tvil)
  • Opparbeiding av oppstillingsplass for landbruksmaskin til bruk på eigedomen.
  • Midlertidige driftsvegar, i samband med hogst, som bare medfører uvesentlege terrenginngrep. (Ta likevel kontakt med kommunen og forhøyr deg før du set i verk nokon form for graving i terrenget.)  

 

Forskriften legg stor vekt på ivaretaking av miljøverdiar. 

Desse skal søkjar ta stilling til ved ulike avkryssingar i søknadsskjemaet.

Stikkord er: 

  • Naturmangfald,
  • landskap,
  • kulturminne,
  • friluftsliv,
  • flaum eller skredfare. 

 

Meir om søknaden: 

  • Planen skal utarbeidast av søkjar.  Kommunen kan hjelpa til.
  • Bruk gjerne litt tid til å setja deg inn i forskrifter og regelverk før du går vidare med søknad
  • Søknadsskjemaet
  • Søknaden må ha eit kartvedlegg som viser vegtrasèen og eventuelle massetak.  Kartet kan du enkelt laga sjølv ved hjelp av NIBIO sitt gardskart. På dette kartet er det etter måten enkelt å  teikne inn vegtraseen, og måla opp lengden på vegen. Kartskissa kan etterpå lagrast på ei pdf-fil som kan lastast opp til søknaden. 

 

Høyring

Alle vegplanar må sendast på høyring til Rogaland Fylkeskommune som vurderer  om det kan finnast  automatisk freda kulturminne i vegtrasèen.  Eventuelle undersøkjingar vert oftast dekka av staten.  

Dersom det er registrert viktige naturverdiar i området på eller ikring vegtraseen skal også Fylkesmannen si miljøvernavdeling høyrast.  Frist for svar i slike høyringar skal setjast til minst 1 månad.  Men oftast får vi svaret tidlegare.  

Meir om regelverket om godkjenning av plan for bygging av landbruksveg er å finna hjå Landbruksdirektoratet

Ivar Tore Hetland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 92 48 13 21
Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19