Ny i Bjerkreim

Vi ynskjer deg velkommen til Bjerkreim kommune - anten du allereie har busett deg her, eller du lurer på å flytta hit.

Bjerkreim sentrum - Klikk for stort bilete

Målet vårt er å ha fornøgde innbyggjarar.  Det er difor viktig at du formidlar ”ris og ros” til oss slik at vi kan forbetra det vi kanskje ikkje er så gode på.  Ta kontakt med oss via serviceavdelinga på kommunehuset, der hjelper vi deg med spørsmål du måtte ha eller med å formidla kontaktar vidare.

 

Bu i Bjerkreim

Bjerkreim har eit gunstig prisnivå på både brukte og nye bustader samanlikna med Stavangerregionen. 

 

Kommunen kan tilby store, flotte bustadtomter i Røyslandsdalen, 7 km sør for kommunesenteret Vikeså.

 

I tillegg er det fleire private byggjefelt både på Vikeså og Bjerkreim. 

 

Jobb i BjerkreimKart Bjerkreim i sentrum - Klikk for stort bilete

Med utgangspunkt i Bjerkreim, har du høve til å velja frå eit breitt utval av jobbmuligheiter, - både i og utanfor kommunen.Bjerkreim kommune rekrutterar m.a. fagfolk innanfor felta pleie og omsorg, skule og barnehage.  Sjekk menypunktet ”Ledige stillingar”.

 

I kommunen er det elles eit variert næringsliv med bedrifter innan bygg og anlegg, ventilasjonsproduksjon, glas- og vindusproduksjon o.s.b. Og med kort avstand til andre kommunar, tettstader og byar har du heile Sør-Rogaland som nærområde.  Ein god del innbyggjarar vel å bu i Bjerkreim og arbeida i kringliggande kommunar.

 

Dei næraste åra skal fleire vindparkar etablerast i Bjerkreim, noko som vil medføra høg aktivitet i anleggsfasen i tida framover.

 

Noko for dei fleste

Bjerkreim er ein kommune med stor dugnadsånd, allsidig kulturliv, variert fritidstilbod og vakker natur.

 

Kulturtilbod

Lag og foreiningar er sjølve ryggrada i det lokale kulturlivet.  Bjerkreim har fleire titals frivillige lag, foreiningar og organisasjonar innafor idrett, kyrkje, kunst og samfunnsliv.  Her er det rom både for å få vener og dyrka dei interessene ein måtte ha.

 

Eit eksempel på dugnadsånda i bygda er den årlege Bjerkreimsmarken som kvar oktober trekkjer 12-15.000 besøkande frå fjern og nær.

 

Naturopplevingar

Heile året byr Bjerkreim på rekreasjon og opplevingar i ein rik, variert natur.  Naturen varierer frå heftige dalføre, som er prega av store vatn og steile fjell, til opne heier som er lette å gå i.  Ikkje bare finn du fantastiske turområde med merka løyper, det er nok av urørt terreng for deg som liker å gå dine eigne vegar.

 

Om sommaren har du gode bade- og fiskemuligheiter i vatn og elv.  Bjerkreimselva er ei av Norges beste lakseelvar med ein fiskbar strekning på 54 km, men det fins også fleire gode vatn for aurefiske.

 

Er du glad i vintersport, ligg Stavtjørnområdet med alpinanlegg og oppkøyrte skiløyper bare ein halvtimes køyretur frå Vikeså.  Området ligg godt til rette for turar også utanom skisesongen.

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 12.10.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Tlf: 51 20 11 00
E-post  
Temaside (1)