FAU/SMU/SU

Foreldre - Klikk for stort bilete

FAU - Foreldrerådets arbeidsutval 

Foreldrerådet er ein viktig instans i skulesamfunnet.  Foreldrerådet blir leia av eit arbeidsutval (FAU) samansett av ein klassekontakt for kvart trinn, samt leiar. 

 

FAU skal fremje fellesinteressene til foreldra og bidra til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø.  FAU skal arbeide for å:

  • skape godt samband mellom den einskilde heimen og skulen
  • leggje tilhøva til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane
  • skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet

 

Meir informasjon om FAU finn du i informasjonsheftet frå skulen.

Referat frå møta i FAU finn òg på denne sida.

 

SMU - Skulemiljøutval

Skulemiljøutvalet er samansett av fire foreldre, to elevar, to lærarar, ein frå andre tilsette, ein politisk vald og rektor.

 

Vil du vite meir om FAU og SMU finn du informasjon om dette ved å klikke deg inn på lenkene i høgremenyen.

 

SU - Samarbeidsutval

Samarbeidsutvalet er samansett av to foreldre, to elevar, to lærarar, ein frå andre tilsette, ein politisk vald og rektor.

Årshjul for SMU og SU

Sist endra 10.11.2017
Fann du det du leitte etter?

Relaterte ressursar