Turnusteneste i Bjerkreim kommune

Søknadsprosedyre og informasjon om turnusteneste

Tilsetjing i turnusteneste blir gitt etter søknad i WebCruiter.  Du finn informasjon her.

 

Gruppekopling med Stavanger Universitetssjukehus

Bjerkreim kommune samarbeider med Stavanger Universitetssjukehus (Helse Stavanger) om turnusteneste gjennom gruppekopling.

 

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha autorisasjon eller turnuslisens ved start av turnustenesta.
  • Du må ha opphalds- og arbeidsløyve i Noreg og kunna dokumentera gode norsk-kunnskapar.
  • Du må kunna delta i legevakt på kveld/natt/helg.

Kvalifikasjonar som vert lagt vekt på

  • Arbeidserfaring med referansar
  • Geografisk tilhøyring
  • Motivasjon for vidare arbeid i regionen
  • Gode samarbeidseigenskapar og evne til å arbeida sjølvstendig
  • Førerkort klasse B (vanleg personbil)
  • Akademiske resultat

 

Legekontoret

Bjerkreim legekontor ligg på Vikeså i Bjerkreim, i nyoppussa helsesenter saman med fysioterapi og treningssenter. Kjøretid 20 minutt frå Ålgård og Egersund, ingen kø. God parkeringsplass.

TILSETTE
Legekontoret har to erfarne fastlegar i tillegg til turnuslege. Det er fast strukturert veiledning kvar veke, i tillegg til diskusjon om aktuelle pasientar. Tre sjukepleiarar. Godt sosialt miljø.

UTSTYR
SystemX journalsystem, ny maskinvare i 2016. Ultralyd, EKG, tympanometer, spirometer, audiometer etc. 

SJUKEHEIM, HELSESTASJON OG SAMARBEID MED ØVRIGE KOMMUNALE TENESTER
Obligatorisk teneste ved sjukeheim vert gjennomført ved Bjerkreim Omsorgssenter, som har kommunal ø-hjelps-seng (KØH/KAD). Det vert lagt til rette for at turnuslege i tillegg til individretta pasientarbeid også kan delta på helsestasjon, skulehelseteneste og samfunnsmedisinsk arbeid.  Du kan hospitera hos fysioterapeut og eventuelt hos privatpraktiserande spesialist.

BUSTAD OG FERIE
Om ønskeleg kan me ordna bustad, men det er gode kjøreforhold til Vikeså og dei fleste turnuslegane har pendla frå Nord-Jæren. Me er fleksible når det gjeld tidspunkt for ferie.

Legevakt

Legekontoret har dagvakt alle kvardagar og variert blanding av akutt og elektiv behandling. Interkommunal legevakt kveld/natt er felles med nabokommunane Eigersund og Sokndal. Bakvakt er tilgjengeleg pr. telefon. Godtgjering ihht SFS 2305 (vaktklasse 2). Fastløn mellom 23-08, for øvrig næringsinntekt. Om natta disponerer vaktlegen eige overnattingsrom med TV og internett. Inntekter frå legevakt varierer frå 7-15.000 kroner pr vakt. Du bør bruka eigen bil på legevakta.

Turnuslege må rekna med to vakter pr månad, med gode muligheter for å ta fleire vakter.

Vilkår

Arbeidstid er 37,5 timar pr veke, men det er mogleg og ønskeleg at turnuslegen arbeider 08-16 og samlar opp avspasering.

Løn og pensjon etter avtale.

Kommunen vil hjelpa til med å finna bustad dersom du ønsker det.

Referansar:

Hanne Folkvord (turnuslege mars-september 2016).

Kontaktperson:

Knut Vassbø, Bjerkreim Legekontor (tlf 51204330)

Vårt mål er at du som lege lærer å arbeida sjølvstendig, trygt og effektivt i eit til tider travelt arbeidsmiljø der ingen dagar er like, og at du lærer ei fornuftig arbeidsfordeling mellom allmennpraksis og spesialisthelseteneste.

Publisert av Mads-Yngvar Fuglestad. Sist endra 29.04.2016
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Kommuneoverlege
Tlf: 51 20 43 30
E-post  
Teneste (1)
Artikkel med kontaktperson (1)