Bibliotek

Bjerkreim folkebibliotek  Foto: Alf S. Ognedal - Klikk for stort bilete

Søk i bibliotekbasen / mine lån

 

Opningstider sommar 2018

Legg merke til innskrenka opningstider 25. - 30. juni og 23. juli - 4. august.

25. - 30.juni: Ope tysdag kl 15-19, onsdag og torsdag kl 12.00-15.30. Stengt måndag og fredag.

NB! Biblioteket har STENGT 2.-21. juli.

23.juli - 4.august: Ope tysdag kl 15-19, onsdag og torsdag kl 12.00-15.30. Stengt måndag og fredag.

Vanlege opningstider etter 4. august.

 

Tips til barnebøker

Klikk på "Bokomtaler" i kolonna til høgre for å sjå omtale av ulike barnebøker.

 

Boksalg - posesalg

Me har salg av kasserte bøker. Mykje forskjellig. Kom og kjøp! Fyll ein pose for 50 kr. No er der masse skjønnlitteratur for vaksne.

 

Filmbib

"Filmbib gir alle med nasjonalt lånekort muligheten til å se norsk kort- og dokumentarfilm helt gratis ved å logge seg på med sitt nasjonale lånekort og PIN-kode."

"I Filmbib kan du se kort- og dokumentarfilmer av nyere dato, men også et utvalg av filmer som går tilbake i tid. Du vil finne en unik samling av kortfilmer for både barn og voksne: animasjonsfilmer, eksperimentelle filmer og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarer og mye mer. Besøk Filmbib ofte! Det blir stadig lagt filmer til i tjenesten."

 

Lånekort for barn

Alle barn som har byrja på skulen kan få eige lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift frå forelder eller føresett for å få lånekort.

 

Innlevering på Bjerkreim

Nå står det ei innleveringskasse i gangen på butikken på Bjerkreim. Den kan du bruka til å levera alt som skal til norske bibliotek. Kassa blir tømt minst ein gong i veka.

 

Les e-bøker!

I appen eBokBib kan du låna e-bøker rett til nettbrettet eller smarttelefonen din. Til det treng du lånekort og passord/pinkode frå biblioteket.

For å koma i gang kan du gå inn på ebokrogaland.no.  Der klikkar du deg inn på lenka Brukarrettleiing for eBokBib i Rogaland.  Det ligg også ein demonstrasjonsvideo på YouTube ; søk på Demonstrasjon av eBokBib.  På desse stadene finn du rettleiing.

Dersom du manglar lånekort eller passord, eller har gløymt passordet, må du kontakta biblioteket for å få nytt.

 

Bjerkreim folkebibliotek ligg vegg i vegg med Vikeså skule på Lossvollen. 

Det er eit kombinasjonsbibliotek (folkebibliotek + skulebibliotek).

Telefon: 51 45 93 20

Adresse: Vikesågata 62, 4389 Vikeså

E-post: biblioteket@bjerkreim.kommune.no

 

Biblioteket låner ut bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift, aviser og enkelte musikkinnspelingar.  Alt utlån er gratis.
 

Publikum har også høve til å søka informasjon via Internett.  Internett-søkinga er gratis, men tidsavgrensa. Publikum kan nytta biblioteket sin kopimaskin mot betaling pr. kopi.
 

Biblioteket hjelper dessutan til med å skaffa bøker og anna materiale frå andre bibliotek, dersom det ikkje finst i biblioteket sine eigne samlingar.  Også denne tenesta er gratis for publikum.

-

Søk i bibliotekbasen / mine lån

 

Opningstider:

Opningstider
DagTid
Måndagkl 15.00 - 19.00
Tysdagkl 15.00 - 19.00
Onsdagkl 15.00 - 19.00
Torsdagkl 12.00 - 15.30
Fredagkl 12.00 - 15.30
LaurdagStengt

 

Prisar biblioteket 2018
Prisar biblioteket 2018
Purregebyr og erstatningarPris
Første purringkr 30
Andre purringkr 60
Tredje purring/erstatningskravkr 100 + erstatning
Erstatningar:
Vaksenbok/teikneseriealbum/lydbokkr 400
Barnebok/ungdomsbok/blu-raykr 300
Tidsskrift/teikneseriehefte/DVDkr 200
Anna materiale Etter vurdering

 

Sist endra 19.06.2018
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Biblioteksjef
Tlf: 51 45 93 20
E-post  
Tlf: 51 45 93 20
E-post  
Artikkel med kontaktperson (2)
Tenesteeining (1)