Kulturpris og byggjeskikkpris

Kvart år vert det delt ut Kulturpris eller Byggjeskikkpris på Kulturdagen 1. søndag i advent.
Kulturprisen vert delt ut to år på rad, tredje året vert byggjeskikkprisen delt ut. I 2017 skal det delast ut Byggjeskikkpris.

Forslag med grunngjeving på kandidatar til desse prisane kan sendast postmottak@bjerkreim.kommune.no eller Bjerkreim kommune, Postboks 17, 4389 Vikeså.
Generell frist er ca. 10 dagar før siste levekårsmøte før kulturdagen.

Byggjeskikkpris:

  1. Formålet med byggeskikkprisen er å stimulera og fremja god lokal byggeskikk.
  1. Byggjeskikkprisen kan verte tildelt huseigarar eller byggherrar som i samband med nybygg, tilbygg og rehabiliteringsarbeid har gjennomført byggjeprosjekt. Det skal leggjast vekt på at prosjektet vidarefører det lokale bygningsmiljøet, tek i vare den lokale byggjestil og handverkartradisjon og er tilpassa landskaps- og naturforhold på staden.

    Prisen kan verte tildelt private personar og private organisasjonar og føretak.
     
  2. Byggeskikkprisen vert tildelt etter vurdering frå juryen. Juryen si avgjersle er endeleg. Det er ingen grenser med omsyn til kven som kan bli føreslått som kandidatar. Juryen har også sjølv forslagsrett.Innkomne forslag er unnatekne offentlegheita inntil vinnaren er kunngjort.

    Juryen er samansett slik:

    LMT-sjef, sekretær
    Repr. frå kulturavd.
    Leiar i hovudvalet for LMT
    Leiar i hovudvalet for levekår

    Innkomne forslag er unnateke offentlegheita inntil vinnaren er kunngjort.

     
  3. Prisen består av:

Plakett med inskripsjon til montering på bygg.
Diplom påført namn, årstal og grunngjeving for pristildeling.
Sjekk på 5.000,- kroner.

 

Kulturpris:


Generelt
Den som blir tildelt kulturprisen får eit diplom, ein statuett og ein sjekk med eit beløp som vert fastsett av Levekårsutvalet.

Føremål
Den kommunale kulturprisen skal vere ein honnør for spesiell innsats for kulturlivet i Bjerkreim.

Mottakar
Kulturprisen vert primært gjeve til personar som er busette i Bjerkreim kommune.  Den kan og i spesielle høve verta gjeven til ei gruppe personar eller ein organisasjon.

Kriterium for prisen
Kulturprisen skal verta tildelt ut i frå desse hovudprinsippa:

  • Prisen vert tildelt på grunnlag av spesiell innsats for kulturlivet i Bjerkreim.
  • Prisen vert berre tildelt ein gong til same person.
  • Ved val av prisvinnar skal det leggjast vekt på at innsatsen har hatt noko å seie for heile eller større delar av Bjerkreim.
  • Det skal vere rimeleg fordeling mellom dei ulike kulturområder Levekår har ansvar for.

Tildeling
Levekårsutvalet, frivillige organisasjonar, kulturinstitusjonar, enkeltpersonar vert oppmoda om å leggja fram grunngjevne forslag til kandidatar til kulturprisen. Kultursjefen førebur saka for Levekårsutvalet. Levekårsutvalet og kultursjefen har høve til å velje ut personar som ikkje er foreslått av andre.
Levekårsutvalet avgjer kven som skal få kulturprisen.
Ordføraren delar ut prisen.

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 12.10.2017
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (1)