Innsatspremiar

 Innsatspremiar kan bli utdelte innan desse kulturområda:

  1. Idrett og sport
  2. Song, musikk og dans
  3. Andre kulturgreiner

Kriterium:

  1.  - vera blant dei tre beste i NM
  2.  - gjort seg bemerka i nordisk eller internasjonal samanheng
  3. - bli vurdert av levekårsutvalet til å ha gjort ein særs framifrå prestasjon innan sitt kulturfelt

I tillegg må utøvar ha folkeregistrert bustadsadresse i Bjerkreim.

Forslag til kandidatar:

Alle kan kome med forslag til kandidatar. Det er ingen automatikk i at utøvarar som fyller kriteria får prisen, nokon må foreslå kandidatane.
Endeleg forslagsfrist i år er 10. oktober. 
Send forslag til postmottak@bjerkreim.kommune.no eller Bjerkreim kommune, Postboks 17, 4389 Vikeså.
Om nokon fyller kriteria etter denne fristen, kan dei tas med til neste års vurdering.

Tildeling:

Levekårsutvalet vurderer innsendte kandidatar og avgjer kven som skal få innsatspremiar. Utdeling skjer på Kulturdagen.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 05.09.2017
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (1)