Rettsvesen

 

logo domstol - Klikk for stort bilete Rettsvesenet i Norge er ein del av det offentlege styringssystemet. 

Domstol.no kan gi deg nyttig informasjon om domstolane, sivile saker, straffesaker, ekteskap og arv, gjeld og konkurs.

 

Domstolane er delt i tre nivå: Tingrett, Lagmannsrett og Høgsterett. I tillegg er det fleire særdomstolar. 

 

 

Domstolane dømmer i både sivile saker og straffesaker.  I tillegg har tingrettane ein del andre oppgåver som tvangssaker, konkurs, vigslar, utferda offentlege stadfestingar og skifte etter arv, skilsmisse og separasjon.

 

Forliksrådet

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og er både ein meklingsinstans og ein domstol.  Saker i forliksrådet kan for eksempel handla om kjøpstvistar, erstatningskrav, nabotvistar eller tvistar i forretningstilhøve.

Meir info om forliksrådet finn du under temaet Rettslege spørsmål.

 

Tingretten

Bjerkreim kommune kjem inn under Dalane Tingrett i Egersund.

 

Fri rettshjelp

Har du dårleg økonomi og treng juridisk hjelp kan du søkja om fri rettshjelp.  Dette inneber at staten heilt eller delvis dekkjer utgiftene dine til advokat samt fri sakføring i retten. 
For meir info, sjå fylkesmannen.no og Lov om fri rettshjelp


 

 

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 08.06.2018
Fann du det du leitte etter?
Temaside (1)