Bokomtaler

Bøker - Klikk for stort bilete David Baldacci: Hjem til jul

Ein mann med erfaring som krigskorrespondent, tar toget tvers over USA for å skriva om reisa i eit vekeblad. Han er på veg heim til kjærasten for å feira jul. Det er mykje som skal skje på denne togturen. Eit par vil eigentleg gifta seg, eit snøras stoppar toget, ein tjuv går visst laus, og han treff ekskjærasten. Til slutt må han ta eit oppgjer med seg sjølv og måten han lever på.

Forfattaren får oss raskt inn i handlinga. Korte setningar og mykje dialog gjev god framdrift. Det er inga juleforteljing, men kanskje det ventar litt julestemning i slutten av boka?

 

Laila Stien: Hjem til jul

I den fyrste forteljinga, ein gong før mobiltelefon er vanleg, reiser ein venninnegjeng på hyttetur. Dei reknar med at mennene deira kjem til å sakna dei.Dei neste stykka i denne samlinga av korte forteljingar, handlar om kva som skjer med venninnene seinare, og med familiane deira. Dei lever vanlege liv, men kva er det som er så vanleg med det? Vil kvinnene finna seg sjølve - eller nokon andre? Dette er heller inga juleforteljing, men det går mot jul likevel. Og kven kjem heim til jul?

 

Publisert av Ingebjørg Nyhus. Sist endra 05.07.2017 16:44
Fann du det du leitte etter?
Teneste (1)