Frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemd

Kvinne hos frisøren. Foto - Klikk for stort bilete

 

 

Ønskjer du å starte eller å overta ein frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, tatoverings- og hòltakingsverksemd e.l., må du anten få godkjenning av kommunen eller sende ei melding til kommunen. Lokale i tatoverings- og hòltakingsverksemder skal godkjennast. Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle dei same hygienekrava, men treng inga godkjenning, berre melding.

Det blir stilt krav om at dei hygieniske forholda er tilfredsstillande og at verksemda førebyggjer overføring av smittsomme sjukdommar. Verksemda må godkjennast av / meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved vesentlege endringar.

Frå 1. januar 2014 skal alle verksemder som tilbyr solarium vere betjent i opningstida. Du skal mellom anna kontrollere at kundane er over 18 år.

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 08.08.2017
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Kommuneoverlege
Tlf: 51 20 43 30
E-post  
Artikkel (1)