Bjerkreim kulturskule

Kulturskulen kutta - Klikk for stort bilete

Kulturskulen held til i Kulturbanken på Vikeså og er open for alle aldergrupper, men elevar under 18 år og elevar som har gått i musikkgruppe vert prioritert først.

Kulturskulen har omlag 200 elevar og 12 lærarar.

 

Dei ulike tilboda:

Musikkbarnehage

  • for 5-åringane i barnehagane. Me legg opp til å læra mange songar frå forskjellige sjangrar. Det vert og litt dans og rørsle, rim og leik. Undervisninga vert på dagtid i samarbeid med barnehagane, men barn som ikkje går i barnehagen kan og søkje på ledige plassar. Tilbodet er gratis.

Musikkgruppe I

  • Denne gruppa er for elevar på 1. trinn, og er tenkt som ei vidareføring av musikkbarnehagen. Det vert generell musikkopplæring, song og songleikar, rytmisk trening og samspel. (Undervisningstid 45 min.)

Musikkgruppe II

  • Dette er ei undervisning for elevar på 2. trinn. Denne gruppa er ein slags musikkverkstad der målsetjinga er at elevane skal læra litt om noter, syngja og spela saman, samtidig som me førebur dei til å spela eit instrument. (Undervisningstid 45 min.)

Instrument opplæring

  • for elevar frå og med 3. trinn. Opplæring på piano, keybord, kyrkjeorgel, trekkspel, gitar, bassgitar, slagverk, klarinett, tverrfløyte, saksofon, kornett og andre messinginstrument. Vaksne er og velkomne til å søkje, men vert prioritert etter barna. (Undervisningstid 20 min.)

Solosong

  • for elevar frå og med 7. trinn. Opplæring i bruk av stemme og song etter noter og gehør. Det er ein fordel at elevane spelar eit instrument. (Undervisningstid 25 min.)

Blokkfløyte

  • for elevar frå og med 3 trinn. Mange likar å spela blokkfløyte, og for dei som ønskjer å læra meir, lagar vi ei gruppe der vi kan spela saman og kanskje fleirstemt.

Vokalgruppe

  • for elevar frå og med 7. trinn. Me legg opp til å læra songar, ein eller fleirstemt, frå forskjellige sjangrar. (Undervisningstid 35-45 min)

Band/orkester/samspelgruppe

  • Kulturskulen vil leggja til rette for ulike band og grupper. Ei av oppgåvene er å stimulera elevane til å bruka instrumentet sitt saman i grupper der det er mogleg. Tilbodet er for elevar som spelar gitar, bass, slagverk, piano, keybord, song og blåseinstrument. (Undervisningstid 45-60 min.)

Messingblås

  • Kulturskulen samarbeider med musikkorpset om aspirantopplæring til korpset. Opplæringa er for elevar frå og med 3. trinn. Etter 2 år kan dei byrja i samspelgruppe. (Undervisningstid 30 min.)

Malegruppe

  • for elevar frå og med 6. trinn. Det vert 2 grupper, ei for nybegynnarar og ei for vidarekomne. Det vert brukt oljemaling der ein lærer om fargane, og malar etter eit bilde, ting, eller fri fantasi. Motivasjon og interesse er viktig for dette faget. Elevane må betala for materiell. (Undervisningstid 90 min.) Undervisningstida vert utvida til 100 min, men så vert det nokre veker fri, slik at gjennomsnittet for heile året er 90 min.

Teater/Drama

  • Det vert ei gruppe frå 5. til 7. trinn, og ei frå og med 8. trinn. Gruppene kan og jobba saman. Det vert lagt vekt på øvingar som går på tryggleik, sjølvtillit, konsentrasjon, stemmebruk, scenetrening og samarbeidsevne. Gjennom leik og improvisasjon vil vi arbeida fram fôrestillingar og bruke teaterets virkemiddel. (Undervisningstid 90 min.)

Teknisk gruppe

  • Dette er for elevar frå og med 8. trinn. Det vert eit tilbod for dei som kan tenkja seg å jobba med lyd og lys. Det er først og fremst ei praktisk arbeidsgruppe, men med litt teori. Elevane får læra å kopla saman lyd/lysanlegg, og miksa lyd/lys på diverse arrangement. Det vert og litt lodding av leidningar. Gruppa er tenkt brukt til rigging av lyd/lys til forskjellige arrangement i kultruskulen, men og andre oppdrag som for eksempel, ungdomskoret, arrangement i kyrkja/bedehusa/samfunshuset og andre små eller store arrangement i, eller utanfor kommunen. Tilbodet er gratis. (Undervisningstid 45-90min)

 

Betalingssatsar

 

Betalingssatsar kulturskulen
Betalingssatsar kulturskulen
Prisar pr. semester2017
Elevbetaling kr 1 400
Gruppe over 10 stk.kr 900,-
Band/orkester/samspel* kr 800,-
*(Gratis dersom ein får undervisning på instrument)
Leige av instrument 230,-

 


Instrument

For å få undervisning på eit instrument, må eleven ha eit instrument til å øve på heime. Kulturskulen har 5 tverrfløyter, 2 alt saksofonar, 1 kornett, 7 klarinettar og 1 bassgitar til utleige. Dei som går på messingblås får låna instrument gratis av korpset.


Opptak/utmelding

Kulturskulen har som mål at alle som ønskjer det skal få plass. Elevar under 18 år og elevar som har gått i musikkgruppe vert prioritert først. Melding om opptaket vert sendt i juni. Dersom ein då ikkje tek imot plassen, må avmelding sendast innan 1 veke. Utmeldingar skjer skriftleg til kulturskulen innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Sist endra 02.05.2016
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Rektor kulturskolen
Tlf: 51 20 11 30
E-post  
Temaside (1)
Artikkel med kontaktperson (2)
Tenesteeining (1)