Bibliotek

Bjerkreim folkebibliotek  Foto: Alf S. Ognedal - Klikk for stort bilete

Søk i bibliotekbasen / mine lån

Boksalg - posesalg

Me har salg av kasserte bøker. Her er mykje forskjellig. Mange skattar! Kom og kjøp! Fyll ein pose for 50 kr.

 

Filmbib

"Filmbib gir alle med nasjonalt lånekort muligheten til å se norsk kort- og dokumentarfilm helt gratis ved å logge seg på med sitt nasjonale lånekort og PIN-kode."

"I Filmbib kan du se kort- og dokumentarfilmer av nyere dato, men også et utvalg av filmer som går tilbake i tid. Du vil finne en unik samling av kortfilmer for både barn og voksne: animasjonsfilmer, eksperimentelle filmer og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarer og mye mer. Besøk Filmbib ofte! Det blir stadig lagt filmer til i tjenesten."

 

Lånekort for barn!

Lånereglementet for biblioteket er oppdatert. Frå no av kan alle barn som har byrja på skulen få eige lånekort. Alle barn under 15 år må ha underskrift frå forelder eller føresett for å få lånekort.

 

Innlevering på Bjerkreim

Nå står det ei innleveringskasse ved kontoret i Coopen på Bjerkreim. Den kan du bruka til å levera alt som skal til norske bibliotek. Kassa skal tømast minst ein gong i veka.

 

Lesefest med Reidar Kjelsen

Det var ein flott avslutning på årets Dalane sommarles den 3. september 2015, og Reidar Kjelsen sitt publikum fekk ikkje sitja i ro. Sjå bilete på Facebook-sida vår!

 

Alfred Hauge

I år er det hundre år sidan Alfred Hauge vart fødd. Tysdag 21. april 2015 var Else Norheim på biblioteket og fortelte om forfattaren slik ho hugsar han. Det var ei triveleg stund der me fekk verta betre kjend med forfattaren, nokre av bøkene hans og den spesielle skrivestilen.

 

Bjerkreim folkebibliotek ligg vegg i vegg med Vikeså skule på Lossvollen. 

Det er eit kombinasjonsbibliotek (folkebibliotek + skulebibliotek).

Telefon: 51 45 93 20

Adresse: Vikesågata 62, 4389 Vikeså

E-post: biblioteket@bjerkreim.kommune.no

 

Biblioteket låner ut bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift, aviser og enkelte musikkinnspelingar.  Alt utlån er gratis.
 

Publikum har også høve til å søkja informasjon via Internett.  Internett-søkinga er gratis, men tidsavgrensa. Publikum kan nytta biblioteket sin kopimaskin mot betaling pr. kopi.
 

Biblioteket hjelper dessutan til med å skaffa bøker og anna materiale frå andre bibliotek, dersom det ikkje finst i biblioteket sine eigne samlingar.  Også denne tenesta er gratis for publikum.

 

Nå kan du låna e-bøker frå biblioteket!

I appen eBokBib kan du låna e-bøker rett til nettbrettet eller smarttelefonen din. Til det treng du lånekort og passord/pinkode frå biblioteket.

For å koma i gang kan du gå inn på ebokrogaland.no.  Der klikkar du deg inn på lenka Brukarrettleiing for eBokBib i Rogaland.  Det ligg også ein demonstrasjonsvideo på YouTube ; søk på Demonstrasjon av eBokBib.  På desse stadene finn du rettleiing.

Dersom du manglar lånekort eller passord, eller har gløymt passordet, må du kontakta biblioteket for å få nytt.

 

Søk i bibliotekbasen / mine lån

 

Opningstider:

Opningstider
DagTid
Måndagkl 15.00 - 19.00
Tysdagkl 15.00 - 19.00
Onsdagkl 15.00 - 19.00
Torsdagkl 12.00 - 15.30
Fredagkl 12.00 - 15.30
LaurdagStengt

 

Prisar biblioteket 2017
Prisar biblioteket 2017
Purregebyr og erstatningarPris
Første purringkr 30
Andre purringkr 60
Tredje purring/erstatningskravkr 100 + erstatning
Erstatningar:
Vaksenbok/teikneseriealbum/lydbokkr 360
Barnebok/ungdomsbok/blu-raykr 260
Tidsskrift/teikneseriehefte/DVDkr 160
Anna materiale Etter vurdering

 

Sist endra 28.09.2016
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Biblioteksjef
Tlf: 51 45 93 20
E-post  
Tlf: 51 45 93 20
E-post  
Artikkel med kontaktperson (2)
Tenesteeining (1)