Framside

Symjekurs våren 2019

Svømming - Klikk for stort bilete

 

 

 

Det blir arrangert symjekurs på fredagar frå 4. januar 2019 og 8 gonger framover.

Avgrensa tal deltakarar pr. kurs.  Nokre kurs kan bli slått saman eller avlyst ut frå tal på påmelde.

Pris pr. kurs:  kr 650 for åtte kveldar, kr 100 i rabatt frå og med sysken nr. to.  Faktura vert tilsendt.

Påmelding:  Frå 1. til 10. desember, kun pr. elektronisk søknadsskjema som du finn her, under Kultur og fritid.   NB - skjemaet vert ikkje tilgjengeleg før 1. des.

Kursoversikt:

kl. 15.00 - 15.45

Vidaregåande 2
Må kunne symje på djup del av bassenget. Grundigare opplæring ulike stilar, pusteteknikk, vending, noko stup.

kl. 15.45 - 16.30

Vidaregåande 1
Må kunne flyte. Grunnleggande symjeopplæring ulike stilar. Hopp frå kant, gradvis mot djup del.

kl. 16.30 - 17.15

Grunnopplæring (frå 5 år)
Dykke- og flyteøvingar. Byrjar med symjeøvingar ulike stilar. Barnet må ha følgje i vatnet.

kl. 17.15 - 18.00

Småbarnssymjing (frå 3 år)
Vasstilvenning, flytetrening, byrjar med enkel symjetrening. Barna må ha følgje i vatnet

kl. 18.00 - 18.45

Vidaregåande 1
Må kunne flyte. Grunnleggande symjeopplæring ulike stilar. Hopp frå kant, gradvis mot djup del.

 

Minner om kor viktig det er at alle lærer å symje! Norges Svømmeforbund har kartlagt kor flinke Norges 10 åringar var til å symje i 2003, 2009 og 2013. Undersøkingane viste at omtrent halvparten av 10 åringane var symjedyktige. I forhold til forbundet sine normer er du symjedyktig om du kan symje 200 meter. Etter 4. trinn i skulen skal elevane beherske dette:

Vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (medan han/ho flyt på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg); så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land.

Kulturkontoret

Sist endra 26.11.2018
Fann du det du leitte etter?