Vil du vere kandidat til stemmestyra på valdagen?

Valglogo - Klikk for stort bilde

Kommunestyre- og fylkestingsvalet i Bjerkreim er måndag 11. september 2023.

Bjerkreim har to valkrinsar. Bjerkreim krins brukar Bjerkreim bedehus som vallokale. Vikeså krins brukar kommunehuset som vallokale. Eit stemmestyre i kvar krins har ansvaret for gjennomføringa av valet på valdagen, frå krinsen opnar til den stengjer på kvelden.

Valstyret skal velja tre-fire medlemmer og tre varamedlemmer til dei to stemmestyra, så det trengst litt folk til dette.

Vi ber innbyggjarar over 18 år i kommunen som kan tenkja seg dette, melda seg på tlf. 51 20 11 00 eller e-post; postmottak@bjerkreim.kommune.no, innan 1. mai 2023.

Dei som blir valde og stiller på valdagen får informasjon/opplæring, godtgjering og ev. tapt arbeidsforteneste. Det er viktig å merke seg at kandidatane på vallistene ikkje kan vera i stemmestyra.