Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Vil du vera valmedarbeidar?

Vil du vera valmedarbeidar?

Klikk for stort bildeStortingsvalet blir måndag 13. september 2021, men det må planleggjast for eit annleis val i år, pga. smittesituasjonen.

Det vil bli behov for fleire medarbeidarar, og reserve som kan stilla på kort varsel ved ev. sjukdom (utanom det lovpålagte stemmestyret).


Vi ønskjer at interesserte innbyggjarar i kommunen (over 18 år) melder seg til dette.

Det er to valkrinsar i kommunen (Bjerkreim og Vikeså). Bjerkreim krins brukar Bjerkreim bedehus som vallokale. Vikeså krins brukar kommunehuset som vallokale. Eit stemmestyre i kvar krins, har ansvaret for gjennomføringa av valet på valdagen.

Valstyret har ansvaret for opptellinga av stemmesetlane på kvelden, men det er ønskjeleg å ha eit eige tellekorps til det praktiske arbeidet med tellinga, frå kl. 21.30. Vi har manuell telling i Bjerkreim.

Det blir sett opp ein vakt-/skiftplan for heile valdagen, også for reservene. Det vil bli gitt opplæring til alle, og godtgjersle til dei som må ta vakter og ev. tapt arbeidsforteneste (jf. lokal forskrift om godtgjøring til folkevalgte i Bjerkreim kommune).

Det blir behov for:

  • Valmedarbeidarar som kan vera vakter/styra kø, ev. anna arbeid på Vikeså og Bjerkreim
  • Reserve valmedarbeidarar som kan stilla på kort varsel på valdagen på Vikeså og Bjerkreim
  • Medlemmer til tellekorps som kan telja manuelt på kvelden

Du kan også melda deg som kandidat til:

  • Stemmestyra (medlem/varamedlem) på Vikeså og Bjerkreim. Valstyret skal velja desse.


Send ein enkel søknad og meld di interesse, innan 05.05.2021 (utvida frist), til postmottak@bjerkreim.kommune.no.

Ta kontakt på tlf. 51 20 11 62 / 63 om du har spørsmål om dette.

Brit Fuglestad
Saksbehandler
E-post
Telefon 51 20 11 63
Sekretær Bjerkreim skule Tlf. 51 45 93 80
Torunn Gjedrem
Arkivansvarlig
E-post
Telefon 51 20 11 62