Vil du vera meddommar?

Ordføraren oppfordrar innbyggjarane i kommunen til å melda seg til viktige samfunnsverv for jordskifteretten, tingretten og lagmannsretten for perioden 2025-2028. Fristen er 18. mars.

 

Kommunestyret skal velja både kvinner og menn til følgjande verv:

  • meddommarar i Dalane tingrett (10 pers.)
  • meddommarar/lagrettemedlemmer i Gulating lagmannsrett (4 pers.)
  • jordskiftemeddommarar for Sør-Rogaland Jordskifterett (10 pers.)
  • skjønnsmedlemmer (3 pers.) (fylkestinget oppnemnar etter forslag frå kommunen)
  • forliksrådsmedlem/vara (til felles forliksråd for Dalane, bare behov for ein eller to personar)

Meddommarane er vanlege kvinner og menn som saman med fagdommarar med juridisk utdanning er med på å ta avgjersler i rettssaker. Nokre av jordskiftemeddommarane bør også veljast til skjønnsmedlemmer, fordi det er stadig fleire saker for jordskifteretten som krev både skjønn og jordskifte. Og dei bør vera kyndige i ulike sider av plan- og reguleringsprosessar og bygg- og anleggsverksemd og/eller ha kompetanse innan økonomi, revisjon og rekneskap.

Kva for oppgåver har du?

Meddommarar/lagrettemedlemmer har ein unik sjanse til å vera deltakarar på eit viktig samfunnsområde.
Som meddommar i Gulating lagmannsrett er du ein av fleire lekdommarar som skal dømma saman med juridiske fagdommarar. Som lagrettemedlem er du saman med andre lekdommarar med på å avgjera skuldspørsmål i straffesaker/juryesaker.

Kva pliktar du deg til?

Du kan rekna med å bli innkalt ei til tre gonger i året. Ei sak kan vara frå ein halv dag til opp mot fleire veker.
Vervet som meddommer/lagrettemedlem er ei samfunnsplikt. Dette medfører mellom anna normalt fri frå ordinært arbeid for å utføra vervet. Det blir òg gitt godtgjersle for eventuell tapt arbeidsforteneste.

Kven kan vera meddommar/lagrettemedlem?

I hovudsak skal meddommarar/lagrettemedlemmer vera vanlege innbyggjarar. Dei skal vera ei blanda gruppe med tanke på alder, etnisk bakgrunn og kultur. Bare forliksrådsmedlemmer må vera norske statsborgarar. Det er eit krav at dei som blir valt er over 21 år (25 år for forliksrådsmedlemmer) og under 70 år når valperioden startar (skjønnsmedlemmer kan vera eldre enn 70 år). I tillegg må dei som blir valt ha tilstrekkelege norskkunnskaper, og vera lovlydig (vandel etter domstolloven § 72 blir sjekka). God digital kompetanse er ein stor fordel. Utfyllande føresegner står i domstolloven. Meir informasjon om vervet.  

Det er ønskjeleg at meddommarane som er valde i inneverande periode stiller vidare som kandidatar til ny periode.

Ta kontakt

med kommunen på tlf. 51 20 11 00, eller send e-post til postmottak@bjerkreim.kommune.no innan 18. mars 2024 om du kan stilla til eitt eller fleire av desse verva. Du kan også koma med forslag på kandidatar. Kommunen treng ditt namn, fødselsdato, telefonnummer og e-postadresse. For jordskiftemeddommarar og skjønnsmedlemmer treng vi også å vita kva du er særleg kyndig i.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.