Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Viktig med rask test av barn/unge

Viktig med rask test av barn/unge

Barn i skule og barnehage bør testast på føremiddag

Ved luftvegssymptom hjå barn og unge, er det viktig at me får tatt COVID-test tidleg på dagen. Ved bruk av hurtigtest føreligg svar så raskt at også eventuelle nærkontaktar i skule/barnehage kan testast same dag, før skuledagen er slutt.

Me ønsker difor at det blir tatt kontakt med Bjerkreim legekontor om morgonen dersom det er mistanke om luftvegsinfeksjon hjå barn og unge, slik at det kan bli tatt COVID-test tidleg på føremiddagen.

Legekontoret opnar kl 08.00.  Telefon 51 20 43 30.

Husk at barn med luftvegssymptom uansett skal vera heime frå skule/barnehage.


Mvh Knut Vassbø
smittevernlege