Bjerkreim kommune

Informasjonsside influensa/korona

Vaksineplan for sommaren. Lokale forskrifter. Risikonivå

Vaksineplan for sommaren. Lokale forskrifter. Risikonivå

Vaksineplan for sommaren

  • Dei som har fått tilgang til å bestilla vaksine-time, kan til ei kvar tid bestilla vaksinetime så lenge det er ledige timar.
  • Så snart du får tilgang til å bestilla vaksine-time, bør du raskt bestilla på det tidspunktet som passar best for deg. Nye innbyggarar blir gitt tilgang til vaksine fleire gonger i veka, og ledige vaksine-timar kan bli fylt opp etter kort tid.
  • Dei som har fått første dose via arbeidsgivar bør avklara med arbeidsgivar om dei også får andre dose av arbeidsgivar. Viss ikkje, kan ein bestilla ny dose etter 12 veker, i tråd med FHI si tilråding.

 

Lokale forskrifter

  • Bjerkreim har ingen lokale forskrifter.
  • Det blir framleis praktisert besøksreglar på omsorgssenteret som skal bidra til å hindra smitte mellom besøkande, bebuarar og tilsette. Husk å ta kontakt med omsorgssenteret viss du planlegg eit besøk dit.

 

Risikonivå

  • Bjerkreim er på nivå 1.
  • Barnehagane er på grønt nivå. Skulen har sommarferie 😊
  • Det er ingen påvist smitte siste to veker, ingen i isolasjon og ingen pasientar som er meldt i karantene. (Det kan imidlertid vera innbyggarar som har blitt informert om individuelle smitteverntiltak via smittesporingsteam i andre kommunar.)

God sommar!

 

Mvh Knut Vassbø

smittevernlege