Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Vaksine mot Covid-19 i Bjerkreim

Vaksine mot Covid-19 i Bjerkreim

Her får du informasjon frå smittevernlegen:

Vaksine - Klikk for stort bilde  

Kvar får eg vaksinen?

I Bjerkreim er det planlagt at vaksinering blir gjort på same måte som for influensavaksine, dvs ved frammøte på Vikeså Misjonshus. Dei som av helsemessige årsaker ikkje kan møta opp der, vil det bli gjort individuell avtale med.

Kven får vaksine først?

Vaksinering mot COVID-19 startar vinteren 2021. Truleg vil dei som bur på Omsorgssenteret og i omsorgsbustader blir prioritert først, deretter innbyggarar i synkande alder, dei eldste først. 
Alle som skal få tilbod om COVID-19-vaksine, vil bli kontakta for å avtala eit tidspunkt for vaksinering. 

Kan eg få vaksinen når det passar for meg?

Det vil bli fleire alternative tidsrom for vaksinering. Men - vaksinen må brukast i løpet av få dagar etter at kommunen har fått han, så det vil ikkje vera mogleg å reservera vaksine til eit seinare tidspunkt.

Alle som får vaksine mot COVID-19, skal få to dosar, med tre vekers mellomrom. Du kan dermed ikkje reisa bort når det er tid for dose nummer to, men du må vera tilgjengeleg for vaksinering.

Er du ikkje folkeregistrert i Bjerkreim?

Viss du bur i Bjerkreim utan å vera folkeregistrert her, har du same rett på vaksine som andre.

 

Mvh Knut Vassbø
smittevernlege