Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Vaksine for tilsette i skule, barnehage og brannvesen i Bjerkreim. Plan for vaksinering i sommar

Vaksine for tilsette i skule, barnehage og brannvesen i Bjerkreim. Plan for vaksinering i sommar

Klikk for stort bilde 

 

 

 

 

 

 

Vaksine til skular, barnehagar og brannfolk i Bjerkreim

I løpet av ettermiddag og kveld 25. juni vil det bli gitt tilgang til vaksinebooking for tilsette i skule, barnehage og brannvesen i Bjerkreim.

Dei det gjeld vil få tilsendt SMS med tilgang til å melda seg opp til vaksine så snart vaksinekoordinator har mottatt lister over dei tilsette. Vaksinetilbodet er basert på kven som arbeider i desse tenestene i Bjerkreim kommune, uavhengig av kvar dei bur. Dei som arbeider i skule eller barnehage i andre kommunar, kan få tilbod om vaksine i den kommunen der dei arbeider. Dette er i tråd med FHI sine råd.

 

Stadig nye grupper får tilgang til vaksine

Måndag 28. juni vil nye grupper få tilgang til å melda seg opp til vaksine, og kan då velga mellom dei vaksinetimane som då er ledige.

Annakvar dag vil me opna for nye grupper som kan velga vaksinetime så lenge me har tilgjengelege vaksinedosar framover, slik at flest mogleg kan få det vaksinetidspunktet som passar best, samtidig som prioriteringsrekkefølgen blir fulgt.

Dei som tidlegare har fått tilgang til å velga vaksinetime og ikkje har valgt tidspunkt for vaksinering, kan framleis velga blant dei vaksinetimane som til ei kvar tid er ledig, men ein må vera klar over at stadig nye innbyggarar vil få tilgang til å velga blant ledige vaksinetimar, og at det kan bli fullt fram til me får nye vaksinedosar.

 

Kor mange dosar får Bjerkreim?

FHI har sendt ut ei foreløpig oversikt over kor mange vaksinedosar Bjerkreim kan forventa i løpet av sommaren. Det er usikkerhet knytta til desse tala, og me har difor valgt å legga ut om lag halvparten av vaksinedosane på timebestillinga no, mens resten blir lagt ut så snart me har fått stadfesta pålitelege tal. Me forventer difor at det utover sommaren (veke 28-32) vil bli lagt ut nye vaksinetimar etter kvar som me får oppdatert leveransane frå FHI.

 

Når har alle fått første dose?

Slik det ser ut no, vil dei aller fleste Bjerkreimsbuane frå 18 år og oppover ha fått tilbod om dose 1 i løpet av veke 32, dvs innan fredag 13. august.

 

Kan det bli endringar?

Ja. Følg med på nettsidene til Bjerkreim kommune før du tar fram telefonen eller sender epost. Kanskje finn du svaret på nett.

 

Intervall mellom dose 1 og dose 2. Mulig endring for personar som fekk første dosen den 9. juni

FHI har gitt tydeleg informasjon om at det skal vera 12 veker mellom dose 1 og dose 2. Det kan få konsekvens for dei som fekk første dose 9. juni, og som er sett opp til dose 2 i veke 32 (11. august), ettersom desse berre har ni veker intervall. Me har likevel førebels valgt å ikkje endra tidspunkt for dose 2 til desse personane, av den grunn at FHI estimerer at Bjerkreim vil få svært mange vaksinedosar i veke 32, og etter vår vurdering er det ikkje usannsynleg at dose 2 likevel kan bli gitt i veke 32. Dersom du ikkje får beskjed om noko anna, skal du møta til den timen som er avtalt. Her må ein imidlertid vera budd på at det kan koma justeringar, og me oppmodar til å følgja med på nettsidene til Bjerkreim kommune, spesielt for dei som har blitt satt opp til dose 2 den 11. august.

Vikeså 25. juni 2021
Knut Vassbø
smittevernlege