Framside

TV-AKSJONEN 2017

Unicef logo TV-aksjonen 2017 - Klikk for stort bilete  

Tusen takk til alle bøsseberarane i Bjerkreim og til alle som ga pengar til TV-aksjonen 2017!

Kommunen vår har gode tradisjonar på å gje godt i bøssene, og dette året kom det inn kr 103 370 til Unicef.

Takk også til næringslivet som tok utfordinga når Marthon Skårland ringte på vegne av aksjonen. Det lokale næringslivet bidrog med kr 33 205. Pr. 25.10.17 er det registrert over kr 180 000 frå Bjerkreim til TV-aksjonen, og det er svært bra! For å sjå kva som er gitt dei siste åra kan du gå inn på : https://www.giverstafett.no/rogaland/bjerkreim

Midla skal brukast til å hjelpa born og unge i konfliktområder til å få skulegang , og her er dessverre behovet stort.

På vegne av lokalkomiteen, TV-aksjonen sentralt og Unicef TUSEN TAKK!

Publisert av Brit Fuglestad. Sist endra 13.11.2017
Fann du det du leitte etter?