Bjerkreim kommune

Treng du å stemma på førehand?

Treng du å stemma på førehand?

Klikk for stort bilde


Kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag 9. september 2019

Vil du stemma på førehand?
Du kan førehandsstemma i serviceavdelinga på kommunehuset i kontortida (kl. 08.00 – 15.00) til og med fredag 6. september. Ved behov kan det avtalast tid utanom kontortida (tlf. 51201100).
Husk å ta med legitimasjon og helst også valkort!

På Ørsdalen grendahus vil det bli høve til å førehandsstemma onsdag 4. september kl. 13.00 – 15.00.
På Bjerkreim omsorgsenter vil det bli høve til å førehandsstemma torsdag 5. september kl. 13.00 – 15.00.

Ønskjer du å stemma heime?
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan koma seg til eit lokale og stemma på valdagen eller på førehand, kan søkja om å få stemma der vedk. oppheld seg (heime). Søknad om dette må vera mottatt av valstyret (kommunen) innan tysdag 3. september 2019, kl. 15.00. Skriv til: Bjerkreim valstyre, postboks 17, 4384 Vikeså, send e-post til: postmottak@bjerkreim.kommune.no, eller ring: 51201100.

Godkjende vallister

Kven har stemmerett?

Står du i manntalet?

Opningstidene på valdagen

Valgdirektoratet sin informasjon finn du på www.valg.no.