Bjerkreim kommune

Tour of Norway i Bjerkreim

Tour of Norway i Bjerkreim

Det var ein flott dag og god stemning gjennom heile kommunen frå Gloppedalen, via Vikeså og til Tengesdal under sykkelrittet Tour of Norway 28. mai.

Eg vil takke alle sambygdingar, organisasjonar og bedriftar som gjorde det til ein folkefest med sykkelritt gjennom vår vakre kommune. Det har gitt oss gode øyeblikk og bilete, både på netthinne og skjerm, som vi vil hugse lenge. Eg trur mange andre også vil hugse kor flott det er hjå oss.

Eg vil spesielt takke dei som gjorde seg umake med å laga til noko litt ekstra som har vore til glede for tv-produksjonen eller til sine sambygdingar. Spesiell takk til Tone Vaule som lokal, frivillig ildsjel.

 

Torbjørn Ognedal, ordførar