Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Til ungdom fødde i 2004 og 2005

Til ungdom fødde i 2004 og 2005

Bjerkreim vil om kort tid tilby COVID-vaksine til ungdom under 18 år

Nye retningslinjer frå FHI opnar for at ungdom under 18 år kan få COVID-vaksine. 
For ungdom i Bjerkreim vil det sannsynlegvis vera PFIZER sin vaksine som blir tilbudt.

Me planlegg at vaksinering av ungdom født i 2004 og 2005 blir gjennomført i veke 34, torsdag ettermiddag den 26. august, etter at elevane har kome heim frå vidaregåande skule.
Det vil også vera mogleg å få tatt vaksine på dagtid dei dagane det elles er vaksinering i kommunen.

Dei som ikkje har fylt 16 år, må ha samtykke frå føresette for å få vaksine. Derfor bør føresette og ungdomen så snart som mogleg bli enige om ungdomen skal ha vaksine.

Samtykkeskjemaet finn du her. (DOCX, 14 kB)

SMS for påmelding blir sendt ut frå ReMin seinast måndag 23/8  kl. 15.
Du kan ringa tlf. 51 20 11 65 om du ikkje får SMS, eller viss du har spørsmål.