Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Til Bjerkreim i påsken?

Til Bjerkreim i påsken?

Klikk for stort bildeInfo til påskegjester

Viss du planlegg å besøka familie og vener i Bjerkreim i påsken, må du lesa smittevernråda nøye. Det betyr blant anna at dersom du kjem frå eit område med høg smitte, må du ta same omsyn i Bjerkreim som du måtte tatt der du kjem frå. Viss du bur i eit område der det er anbefalt å ikkje gjennomføra fritidsreiser, ber me deg respektera dette.

Du kan redusera smitterisiko ved å unngå situasjonar med høg smitterisiko dei siste ti dagane før reisa, og under reisa. Unngå sosiale samankomstar, og unngå kontakt med andre personar med mindre det er heilt nødvendig - som om du er i karantene. Bruk munnbind alle stader der det er tilrådd.

Hyttegjester må følga nasjonale smittevernråd. Husk at arrangement og reglar for gjester og overnattingsbesøk også gjeld på hytta.

God påske!

Kjetil Slettebø, ordførar

Knut Vassbø, smittevernlege