Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Til alle forsamlingshus og utleigelokale i Bjerkreim

Til alle forsamlingshus og utleigelokale i Bjerkreim

koronavirus FHI - Klikk for stort bildeGodt smittevern held samfunnet i gang

For å unngå smitte er det heilt nødvendig at alle arrangement følger smittevernreglane:

  • ingen sjuke deltar
  • det skal vera mogleg å halda ein meter avstand
  • ansvarleg arrangør skal laga liste over deltakarar og sjå til at regelverket blir fulgt

Regelverket finst her: Arrangementer, samlinger og aktiviteter - FHI

Utleigar sitt ansvar

Det er viktig at utleigar veit kven som er ansvarleg for kvart einskild arrangement, før arrangementet blir gjennomført. 

Frivillig rapportering til kommunen

For at kommunen lettare skal ha oversikt over arrangementa og ved behov gjennomføre kontrollar på ein smidig måte, ber me om at arrangørane frivillig melder inn arrangement på e-post til postmottak@bjerkreim.kommune.no

Følgjande informasjon er nyttig:
Ansvarleg arrangør, type arrangement, stad, tidsrom, omtrentleg forventa antal deltakarar.

Mvh
Knut Vassbø
Smittevernlege