Framside

Tid for å søkja om produksjonstilskot

Sau ørsdalen redigert.jpg - Klikk for stort bilete

Du kan søkja om produksjonstilskot dersom du driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedomar. Føretaket ditt må òg vera registrert i einingsregisteret (må ha organisasjonsnummer).

Søknadsfristar (levering etter fristen skal avvisast):

Del 1: 15. mars (teljedato 1. mars) Må levera innan frist men kan retta fram til 29. mars.

Del 2: 15. oktober (teljedato 1. oktober) Må levera innan frist men kan retta fram til 29. oktober. Dyr på utmarksbeite og utgifter til avløysing kan rettast fram til 10. januar året etter.

 

Levere søknad (søknaden må leverast elektronisk):

Til utfylling og levering



Utbetaling:

Tilskota vil bli utbetalt samla i siste halvdel av februar året etter søknadsåret.

 

Meir om produksjonstilskot:

Produksjonstilskotet omfattar desse ordningane:

Areal og kulturlandskapstilskudd
Driftstilskot til mjølkeproduksjon
Driftstilskot til spesialisert storfeproduksjon
Tilskot til husdyr
Tilskot til lammslakt
Tilskot til bevaringsverdige husdyrraser
Tilskot til dyr på beite
Tilskot til økologisk landbruk 
Distrikts- og kvalitetstilskot, frukt, bær og veksthusgrønnsaker
Tilskot til avløsing ved ferie og fritid

 

Meir informasjon:

Landbruksdirektoratet sine sider

Forskrift om produksjonstilskott og avløsertilskudd i jordbruket

Orientering om søknaden i aktuell søknadsomgang

 

Satsar for tilskot blir avtalt i jordbruksoppgjeret kvart år.

Meir om aktuell jordbruksavtale

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leitte etter?