Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Test av born - samtykke

Test av born - samtykke

Dersom det blir påvist koronasmitte i skule, barnehage eller på fritidsaktivitet, vil det raskt bli igangsatt testing av dei borna som er nærkontakter.

Vanlegvis vil dette omfatta heile klassen eller barnehageavdelinga. Dermed treng borna ikkje vera i karantene. Alternativet til testing, er å vera i karantene i 10 dagar.

Koronatest er å rekna som helsehjelp, og føresette må difor samtykka til testing av born under 16 år. Sjølve testinga er såpass lite inngripande at det ikkje er nødvendig å innhenta samtykke kvar gong ein tester. Bjerkreim kommunen informerer difor med dette om den nye testordninga. Føresette som IKKJE ønsker at borna deira skal testast, må snarast ta kontakt med rektor eller styrar.

Merk: det er kun aktuelt å testa dersom det blir påvist koronasmitte.

Meir informasjon finst på Folkehelseinstituttet si nettside.

mvh
Knut Vassbø
smittevernlege

Knut Vassbø
Kommunelege
E-post
Telefon 51 20 43 30
Kommunelege I